Ønsker du å betale dine kommunale avgifter månadleg?
For dei fleste kjem i dag dei kommunale avgiftene tre gonger kvart år. Om du ikkje gjer noko vil faktura for kommunale avgifter komme som i dag, det vil sei med forfall rundt 20. mars, 20. juli og 20. november.
Du har tre val på korleis du vil ha forfall på faktura for kommunale avgifter:
- Fakturering og betaling 3 gongar i året som i dag.
- Fakturering og betaling 1 gong i året om våren for heile årsgebyret.
- Fakturering og betaling månadleg, med betaling 1 gong pr månad.
Om du ønskjer å endre talet på betalingsterminar så send ein e-post til fakturatermin@osteroy.kommune.no, og skriv kva val av dei ovanståande du ønskjer. Det er ikkje mogeleg å ha andre oppsett ein dei som er lista opp over.
Hugs å skrive opp adresse eller gnr/bnr på den aktuelle eigedommen.
Om du ikkje har moglegheit til å sende e-post kan du ringe oss på tlf. 56192100.
Efaktura eller avtalegiro
Vi oppfordrar alle som ikkje har efaktura eller avtalegiro om å opprette dette. Dette gjer du sjølv i nettbanken, eller ved å ta kontakt med banken din. Kommunen kan ikkje gjere dette for deg.
Det enklaste er å opprett avtalegiro, då dette ikkje krev at du aktivt godkjenner fakturaen i nettbank.
Eigedomsskatt
Når det gjeld eigedomsskatten, vil me gjere deg merksam på at den ikkje vil vere med på dei første faktura i året dersom du vel månadleg faktura.
Dette er fordi eigedomsskatten først skal bli vedtatt av ein sakkunnig nemnd. Dette vert gjort etter nyttår kvart år. Når den er vedteke vil eigedomsskatten komme med på fakturaene med eit oppsamla beløp så langt i året.