HjemNyheterOppdaterte besøksrutiner ved Osterøytunet

Oppdaterte besøksrutiner ved Osterøytunet

Me avgrensar ikkje tal besøk, men ber dykk ha forståing for at personalet i gruppene kan måtte sei nei til besøk på bakgrunn av desse rutinane. Gjeldande rutine:

• Besøk må som før avtalast på førehand med personalet i gruppa, helst dagen før.

• Me ber om at besøk skjer etter klokka 11.00 og at ein unngår besøk i samband med måltid og i vaktskiftet.

• Når de ringjer for å avtale tidspunkt for besøk, vil personalet fylle ut eit skjema med namn, telefonnummer og dato/klokkeslett for besøket. De vil også bli spurt nokre spørsmål knytt til helsetilstand. Dette er viktig for å kunna komme raskt i gang med smittesporing dersom det oppstår smitte på Osterøytunet. Skjemaet vil bli makulert etter 2 veker.

• Det kan ikkje være meir enn 2 besøkjande inne samstundes. Pasientar som er alvorleg sjuke eller har spesielle behov kan, etter avtale, få fleire enn to på besøk. Dette kan avtalast på førehand med personalet i gruppa. Smittevernreglane som gjeld:

• Besøkjande må vera friske og utan milde symptom på luftvegsinfeksjon eller andre nyoppståtte symptom.

• Besøkjande må ikkje vera i karantene eller isolasjon OSTERØY KOMMUNE Oppdatert 13.12.21 Godkjent av einingsleiar og kommunelege 13.12.21 • Besøkjande kan ikkje ha vore utanlands siste 10 dagar

• Besøkjande må utføra handhygiene med handdesinfeksjon ved ankomst, også ved besøk utandørs.

• Bruk munnbind i fellesareal på vei til rommet der de skal besøkje (munnbind finn det på bordet ved hovudinngangen). Besøkjande kan ikkje opphalda seg i fellesrom. Anbefaler også å bruke munnbind inne på rommet.

• Besøkjande må minst halda 1 meters avstand både til pasient og personale, både utandørs og innandørs.

• For dei bebuarane som ikkje har føresetnader for å etterleva smittevernreglane, er me klar over at det kan bli meir nærkontakt enn tilrådeleg. Me vurdere likevel at det er viktig for dei at dei får kontakt med sine næraste pårørande. Me minner om å framleis nytta nettbrett og telefon til kontakt slik at ein unngår mange besøk.

Med venleg helsing Åse Vevle, Einingsleiar Osterøytunet


Sist oppdatert: 15.12.2021
Publisert: 15.12.2021