Opphever det ekstraordinære forbodet mot bruk av eld utandørs

Det betyr at det frå fredag 23. juni kl. 12.00 igjen er lov å tenne eld eller grille på kommunen sine tilrettelagte bål- og grillplassar, og også i offentleg tilgjengelege parkar og friluftsområder, samt på tilrettelagte badeplassar, kor ikkje andre reglar gjeld. Det er også lov å tenne sankthansbål.  

  - Vi fraråder likevel på det sterkaste å brenne bål eller grille dersom ein ikkje kan garantere for branntryggleiken, seier brannsjef Janicke Larsen.


Regnet har dempa brannfaren

Nedbørsmengden som har komme siste døgn har dempa brannfaren i dei øvre lagene i terrenget. Lenger nede i jordsmonnet er det imidlertid tørt, viser informasjonen fra meteorologisk institutt. Ifølge værmeldinga vil det igjen kunne bli gult farevarsel i våre kommunar, men dette er ikkje nok til å oppretthalde eit ekstraordinært forbod. I neste veke er det varsla meir nedbør.

- Vi gjør merksam på at det likevel kan vere store variasjonar innad i kommunane. Nokon stader kan det ha komme lite regn, som gjør at terrenget tørkar fortare opp. Det er derfor viktig å ta hensyn til lokale forhold, seier brannsjefen.

Lov med sankthansbål

No kan ein tenne sankthansbål så lenge det er i god avstand til bygningar, skogsområder, vegetasjon og anna brennbart materiale. Følg desse råda for trygg bålbrenning på sankthans:

  • Ta hensyn til brannfare og vindforhold
  • Dersom du ikkje eig grunnen sjølv, hugs å skaffe tillatelse frå grunneigar til å brenne bål
  • Det er alltid den som brenn bål som har ansvar for branntryggleiken
  • Bålet må vere i god avstand frå bygningar og vegetasjon
  • Ikkje tenn ied på svaberg eller bart fjell, då dette gir varige skadar på berget
  • Bålet skal byggast av reine treprodukt. Det er forbudt å brenne plast, bygningsmateriale og boss
  • Bålet må ikkje vere større enn at du har kontroll på det, og kan slokke det ved behov
  • Sørg for at barn heldt god avstand til bålet
  • Ikkje bruk bensin eller liknande til opptenning
  • Ha rikelig med slokkevatn lett tilgjengeleg
  • Ein edru, ansvarleg vaksen skal sørge for at bålet sløkkast heilt før de forlet staden

 

Det generelle bålforbodet gjeld framleis

Fortsatt gjeld det generelle bålforbodet i eller i nærleiken av skog og annan utmark i perioden 15. april til 15. september. Det inneber bruk av alle typar grillar, stormkjøkken, bål, eingongsgrill og bålpanner for å nevne noko.  Alle pliktar dessutan å vise aktsemd og opptre på ein slik måte at brann ikkje oppstår. Dette gjeld alle, heile tida og over alt.

- Tusen takk til innbyggarane våre, som har hørt på oss og respektert forbodet. Det set vi stor pris på, seier brannsjef Janicke Larsen.


Sist oppdatert: 22.06.2023
Publisert: 22.06.2023