HjemNyheterOsterøy barnevernteneste søkjer mannlege fritidskontaktar

Osterøy barnevernteneste søkjer mannlege fritidskontaktar

Me søkjer deg, som med tryggleik, varme og engasjement, kan gje barnet meistringsopplevingar i kvardagen.

Barna kan bu i heimen sin og motta hjelp, eller vere plassert i fosterheim. Oppdraget kan innhalde å følge barnet på ein aktivitet, hjelpe barnet til å knytte vennskapsbånd, starte i ein ny eller prøve ut ein ny aktivitet og så vidare.
Du skriv rapport til barneverntenesta i etterkant av samværa og mottar lønn etter utdanning. Oppdraga kan variere, men er som oftast ein ettermiddag i veka.

Dersom du er interessert i å vite meir, kan du kontakte Tone Mjelde i Osterøy barnevernteneste på e-post: tone.mjelde@osteroy.kommune.no.

Ønskjer du å søkje på oppdraget, sender du CV og søknad til same adresse. Du må levere godkjent politiattest og bli godkjent gjennom eit intervju før oppstart.  Me registrerer søknader kontinuerleg og tar kontakt etter kapasitet og behov.


Sist oppdatert: 19.10.2020
Publisert: 19.10.2020