HeimNyheterOsterøy kommune held fram med strenge koronatiltak

Osterøy kommune held fram med strenge koronatiltak

Regjeringa har justert dei regionale koronatiltaka. Frå måndag 15. februar skal innbyggjarane i Osterøy kommune følgje tiltaka i kapittel 5D i den nasjonale Covid-19-forskrifta.

Tiltaka er i stor grad dei same som gjeld denne veka, men to ting blir lov i neste veke:

  • Treningssenter kan halde ope for innbyggjarar på Osterøy
  • Utandørs aktivitet for vaksne og organisert trening for toppidrettsutøvarar

Dei nye tiltaka gjeld i ei veke, til og med måndag 22. februar.


Sist oppdatert: 12.02.2021
Publisert: 12.02.2021