HjemNyheterOsterøy kommune digitaliserar utsending av faktura

Osterøy kommune digitaliserar utsending av faktura

Den nye løysninga inneber at alle faktura blir forsøkt sendt digitalt,  via AvtaleGiro, eFaktura, Vipps Regning, digital postkasse (Digipost eller eBoks) eller som vedlegg i ein e-post. Om dette ikkje er mogleg blir fakturaen levert som papirfaktura i postkassen din. 

AvtaleGiro

Dersom du som kunde har AvtaleGiro, vil og betalingsvarselet bli forsøkt distribuert digitalt. Den nye fakturablanketten vil ikkje ha noko girodel til brevgiro. Ei god løysning for deg som ikkje har nettbank eller andre digitale løysningar vil då vere å opprette AvtaleGiro, så får du tilsendt belastningsoppgåve i posten.

Faktura via Vipps

  • Om du er vant til å få faktura i postkassen din, vil du no kunne få fakturaen som Vippsfaktura.

Dette forutsetter at du nyttar Vipps og at du har aktivert tenesta Vipps faktura. I tillegg må du sjølvsagt vere registrert med eit gyldig mobiltelefonnummer i Osterøy kommune sitt kunderegister. 

Ta kontakt med oss og oppgje telefonnummer dersom du ønskjer å motta framtidige faktura på Vipps.

Faktura i Digipost / eBoks

  • Om du er vant til å få faktura i postkassen din, vil du nå kunne motta fakturaen som digital post i Digipost- eller eBokspostkassen din.

Dette forutsetter sjølvsagt at du allereie har ein digital postkasse (Digipost eller eBoks) og at du ikkje har reservert deg mot mottak av digital post frå det offentlege.

Faktura som vedlegg i e-post

  • Om du er vant til å få faktura i postkassen din, vil du nå kunne få faktura som vedlegg i ein e-post frå Osterøy kommune.

Dette forutsetter at du er registrert med ei gyldig e-postadresse i Osterøy kommune sitt kunderegister.

Tilbod om å inngå efaktura-avtale

  • Om du er registrert med ei gyldig e-postadresse i kommunen sitt register, vil du motta ein e-post med tilbod om å inngå efaktura-avtale med Osterøy kommune.

E-posten inneheld ei lenke som du må klikke på for å aktivere ein slik avtale. Om du ikkje ønskjer å inngå slik avtale, kan du berre slette denne e-posten. Om du allereie har slik avtale med kommunen, får du ingen e-post.

Du vil sjølvsagt motta faktura på den eine eller den andre måten. Om du allereie har ein avtalegiro eller efaktura-avtale med Osterøy kommune, vil du fortsette å motta faktura som avtalegiro eller efaktura.

Om du ikkje har slik avtale blir fakturaen sendt til Vipps - om du er registrert med mobiltelefonnummer og nyttar Vipps faktura. Om du ikkje nyttar Vipps faktura, blir fakturaen sendt til Digipost eller eBoks (om du allereie mottar digital post frå det offentlege), osv. Er det ikkje mogleg å sende fakturaene digitalt, blir fakturaen sendt som brevpost.

Faktura vert sendt til forretningsførar/andre mottakarar enn deg sjølv

Har du i dag ein forretningsførar som mottar faktura på vegne av deg eller annan mottakar, vil dei nye distribusjonsformane (Vipps, Digital postkasse) overstyre dersom kunden er registrert med personnummer. Då vert faktura sendt til kunden istadenfor “annan mottakar”. Vi anbefalar derfor dykk som har “annan mottakar” til å ikkje inngå avtale om Vipps eller Digital postkasse.


Sist oppdatert: 16.10.2019
Publisert: 24.01.2019