HjemNyheterOsterøy kommune treng ny kommunalsjef for Samfunnsutvikling

Osterøy kommune treng ny kommunalsjef for Samfunnsutvikling

Ansvarsområda som ligg til stillinga er plan, byggjesak og teknisk forvaltning, næringsutvikling og teknisk drift.  Vi ser etter ein engasjert medarbeidar som trivest i skjeringspunktet  mellom administrasjon, politikk og næringsliv. Som kommunalsjef vert du ein sentral og viktig aktør for utvikling av Osterøy som ein god kommune å bu og arbeide i.

Som kommunalsjef er du direkte underlagt rådmannen og er ein del av rådmannen si strategiske leiargruppe. Oppgåver vil vere leiing og utvikling av sektoren, men du skal og bidra i rådmannen si leiargruppe, og ta medansvar for utvikling av heile kommunen.

Vi legg vekt på personlege eigenskapar som evne og interesse for samarbeid, evne til å skape  kontakt mellom folk og ein tillitsskapande veremåte.

Er du rette vedkommande kan vi lova spennande, utviklande og givande oppgåver. Dersom du tenkjer at dette er noko for deg er du velkomen til å ta kontakt med oss og eller søkje stillinga når den vert lyst ut i månadsskifte juli/august.

Har du spørsmål? 

Ta gjerne kontakt med

rådmann Ingvild Hjelmtveit


Sist oppdatert: 23.06.2022
Publisert: 23.06.2022