HjemNyheterRøysting på valdagen

Røysting på valdagen

Det vert halde val på representantar til stortinget måndag 13. september 2021.

Du har røysterett dersom du er norsk statsborgar og oppfyller følgjande vilkår:

  • Fyller 18 år innan utgangen av 2021
  • Dersom du er, eller har nokon gong vore folkeregistrert som busett i Norge
  • Ikkje har mista røysteretten etter Grunnlova § 53

For å bruka røysteretten må du dessutan stå i manntalet i ein kommune. På valdagen kan du berre røysta i den kommunen du er registrert som busett pr. 30. juni 2021.

Her kan du røysta på valdagen:

  • Hauge krins:            Osterøy integrerings- og læringssenter

                                           (tidl. Hauge skule)                                         kl. 12.00 – 20.00

  • Lonevåg krins:        Lonevåg skule                                                kl. 12.00 – 20.00
  • Valestrand krins:   Valestrand skule, gymnastikksalen               kl. 12.00 – 20.00
  • Haus krins:              Haus skule, gymnastikksalen                        kl. 12.00 – 20.00
  • Fotlandsvåg krins:   Fotlandsvåg skule                                         kl. 12.00 – 20.00
  • Bruvik krins:           Bruvik helselag sitt fellesrom                        kl. 12.00 – 20.00

Hugs godkjend legitimasjon! Fint om du har valkortet med!

Røystegjeving for veljarar som er i karantene / isolasjon grunna covid-19 på valdagen

Ingen som er i karantene eller er smitta av covid-19 og sit i isolasjon kan møta i eit røystelokale. Det er likevel lagt opp til at alle som ønskjer det skal få røysta på valdagen.

Er du i karantene på valdagen så kan du ringja Osterøy kommune,

tlf. 56 19 21 00, eller kontakta Dagrun Revheim, tlf. 905 64 151. Du vil då få informasjon om korleis du kan røysta denne dagen.

Veljarar som er manntalsførte i kommunen, og som er i isolasjon grunna covid-19, kan søkja om å få røysta der dei oppheld seg (heime).

Ring tlf. 56 19 21 00, eller kontakt Dagrun Revheim, tlf. 905 64 151.

Frist for å søkja om heimerøysting grunna isolasjonsplikt er kl. 10.00 på valdagen 13. september.

Valstyret i Osterøy kommune


Sist oppdatert: 06.09.2021
Publisert: 06.09.2021