HeimNyheterSamtalegrupper for pårørande til personar med demens

Samtalegrupper for pårørande til personar med demens

Om samtalegruppa

I ei samtalegruppe vil deltakarane finna støtte hjå kvarandre.

Her vil deltakarane få eit forum der dei kan setja ord på opplevingane sine, og den enkelte kan få hjelp til å meistra kvardagen og familielivet. Deltakarane og gruppeleiarane har til saman mykje erfaring og viktig kunnskap å dela med kvarandre.

Mange pårørande opplever stress som går utover det ein sjølv maktar å handtera. For å meistra ein pårøranderolle, er eit nettverk viktig, men og at ein styrkjer seg sjølv for å takla utfordringane som kjem.

Det syner seg ofte at det kan vera godt å få diskutere med andre som kjenner dei same problema på kroppen.

Ta kontakt med leiar i Osterøy demensforening, Jartru Reigstad, for meir informasjon og påmelding. 

Tlf. 906 70 462
E-post: jartru@online.no

Påmelding ønskjast innan 04.01.2020.


Sist oppdatert: 03.12.2019
Publisert: 03.12.2019