HeimNyheterSenking av Løtveitvatnet i mai

Senking av Løtveitvatnet i mai

BKK Produksjon AS må i veke 20 og 21 senke Løtveitvatnet på grunn av gjennomføring av tilsyn.
Publisert: 03.05.2019
Sist endra: 03.05.2019

BKK Produksjon AS skal i veke 21 (20. – 22.mai) gjennomføre tilsyn av driftstunnelen for Herlandsfoss kraftverk.

For å kunne gjennomføre tilsynet må Løvteitvatnet senkast heilt ned på inntaksrista i Løtveitvatnet, det vil sei at vatnet vert senka under vanleg lågaste regulerte vasstand (LRV) i midten av mai (veke 20 og 21).

NVE har gjeve løyve til denne ekstraordinære senkinga av Løtveitvatnet slik at tilsynet kan gjennomførast.

Etter at tilsynet er gjennomført, vert Løvtveitvatnet heva til same nivået som Storevatnet ligg i dag.