Siste dag med førehandsrøysting
Du kan førehandsrøysta på rådhuset frå kl. 08.00 - 15.00 fredag 10.09.
Du har røysterett dersom du er norsk statsborgar og oppfyller følgjande vilkår:
- Fyller 18 år innan utgangen av 2021
- Dersom du er, eller har nokon gong vore folkeregistrert som busett i Norge
- Ikkje har mista røysteretten etter Grunnlova § 53
For å bruka røysteretten må du dessutan stå i manntalet i ein kommune. På valdagen kan du berre røysta i den kommunen du er registrert som busett pr. 30.juni 2021.
Sist oppdatert:
10.09.2021
Publisert:
10.09.2021