HeimNyheterSMIL-midlar 2019

SMIL-midlar 2019

Osterøy kommune har fått tildelt kr. 170.000,- i SMIL-midlar for 2019. Søknadsfrist 01.10.2019.
Publisert: 06.08.2019
Sist endra: 06.08.2019

For å kunne søkje må det vere ein produksjon på landbrukseigedomen som oppfyller vilkåra i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket og som gjev rett på tilskot. Det er vidare krav om godkjend gjødselplan og plantevernjournal.

Det kan søkjast om tiltak som ivaretek natur- og kulturminneverdiane i jordbrukets kulturlandskap, samt tiltak for å redusere forureining eller fremje biologisk mangfald.

Søknadsfrist på midlane er 01.oktober 2019.                                                                                                                                                  Søknadsskjema og meir om tilskotsordninga finn du her: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/dokumenter/skjema?q=smil&servicekey=