Søknad om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet

SØKNADSFRIST TIL KOMMUNEN 15.oktober 2023! 
Dette gjeld både nye og fornying av søknadar

Informasjon:

Krav til søkjar og søknad finn du meir informasjon om i Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet - 2023 (For tildeling i 2024)

Krav til søknad:

Søknad skal sendast via www.anleggsregisteret.no.

Informasjon som skal fyllast ut:

  1. Prosjektinformasjon - tiltak og funksjon
  2. Kontakt og rekneskapsinformasjon
  3. Kostnadar - kostnadsoverslag for kjøp av varer og tenester og verdi av dugnad
  4. Søknadsbeløp og finansieringsplan
  5. Vedlegg:
  • Målsette teikningar
  • Dokumentasjon på eventuell dugnad (denne skal dokumenterast med innhenta tilbod frå leverandør/entreprenør, eller vere bekrefta frå kvalifisert fagperson).
  • Dokumentasjon på øvrige delar av finansieringsplanen (eigenkapital, lånetilsegn, garanti, aksjekapital, andre tilskot)
  • Dokumentasjon på kostnader
  • Plan for drift av anlegget
  • Dokumentasjon på eigedomsforhold/ rett til bruk av grunn.
  • Behovsvurdering

Behovsvurdering NYTT i 2022:

For alle nye søknadar skal det ligge ved ei behovsvurdering som skal svare på desse punkta:

1. Type anlegg som er planlagt bygd:
2. Behovet er: (innhald og dimensjonering (f.eks. tal brukarar/type bruk) av det planlagte anlegget)
3. Korleis er anlegget vurdert i kommunens planar?
4. Kvar ligg anlegget i forhold til andre anlegg (avstand), då særskild liknande anlegg?
5. Innbyggjartal/befolkingsdata:
6. Kven skal bruka anlegget?:
7. Tal medlemmar i idrettslaget/-laga som skal bruke anlegget:
8. Kven skal drifte anlegget?

Vidare sakshandsaming

Kommunen behandlar søknadane, prioriterer dei og sender vidare til fylkeskommunen for vidare behandling innan 15.januar 2024. 

Kontakt 

Om spørsmål til ordninga, ta kontakt med ungdoms- og idrettskonsulent 
Ingri Thomassen på e-post: ingri.thomassen@osteroy.kommune.no


Sist oppdatert: 19.09.2023
Publisert: 19.09.2023