HeimNyheterStenging av matrikkel og grunnbok i desember

Stenging av matrikkel og grunnbok i desember

Matrikkelen og grunnboka stengjer i desember på grunn av store endringar i samband med kommune- og fylkessamanslåingar.
Publisert: 28.11.2019
Sist endra: 28.11.2019

Samanslåing av kommunar og fylker i 2020 fører til at det vert nye kommune- og fylkesnummer. Dette krev store eindringar i matrikkelen og grunnboka frå årsskiftet 2019/2020. 

For å redusere risikoen og sikre kvaliteten på gjennomføringa av kommune- og regionreformene, stengjer matrikkelen og grunnboka for brukarane opp mot årsskiftet 2019/2020.

Matrikkelen stengjer for all oppdatering i perioden fredag 13. desember kl.18.00 til utløpet av 1. januar 2020. Totalt 9 virkedagar.

Det fører blant anna til at det ikkje er mogleg med eigedomsdanning, adressering eller bygningsregistrering frå denne datoen og til utløpet av 1. januar 2020.

Grunnboka stengjer for all oppdatering i perioden fredag 27. desember kl. 20.00 til utløpet av 1. januar 2020. Totalt 1 virkedag.

Dette betyr at ingen dokument kan sendast til tinglysing verken elktroniske eller på papir i denne perioden.

Eigenfråsegn om konsesjonsfridom

Stenging av matrikkelen vil og få konsekvensar for vår handsaming av eigenfråsegn om konsesjonsfridom ved tileigning/kjøp av fast eigedom mv. I frå 12. desember vil kommunen framleis bekrefta eigenfråsegna. Skjema må sendast kommunen i orginalt dokument. Ikkje via e-post. Kjøpar vil så få tilsendt eigenfråsegna og denne må sendast til Tinglysinga saman med evt. andre dokument.