HjemNyheterTenk tryggleik og klipp hekken før skulestart

Tenk tryggleik og klipp hekken før skulestart

Høge busker ved avkøyrsler eller store greiner som heng ut i vegkryss kan gjere det svært uoversiktleg for bilistar, syklistar og gåande. Dette er eit aukande problem i sommarmånadane.

Trafikantane mistar ikkje berre sikt, men kan også gå glipp av viktig informasjon når skilt langs vegane vert skjulte av grøne buskvekstar.

Foto: Dag A. Nordsveen

Ein lovpålagt klipp

Folk som bur langs trafikkerte vegar må klippe hekkar og busker på eigedomane sine, av omsyn til eigen og andre sin tryggleik.

– I desse dagar startar barna på skulen igjen og vi ynskjer at flest mogleg skal gå og sykle der det høver seg. Då må det leggast til rette for at det kan skje på ein sikker måte. Barna må vere synlege langs vegane, seier regionleiar i Trygg Trafikk Vestland, Knut Olav Røssland Nestås.

Å syte for fri sikt er så viktig at ansvarstilhøva er nedfelt i veglova. Det er du som bur ved vegen som er ansvarleg for å klippe hekk og busker på eigedommen din. Det skal vere god sikt ved vegkryss og ved avkøyrsla. Mange bilistar må også krysse gang- og sykkelvegar for å køyre ut på vegen. Då må dei lett kunne sjå både små og store trafikantar.

Foto: Statens vegvesen

Hvis avkjørselen din krysser gang- og sykkelveg må høyde på hekk og gjerde ikke overstige 0,5 meter over gateplan i frisiktsonen. Klipp enten hekken din slik at den holdes under 0,5 meter, eller flytt gjerde og/eller hekk utenfor frisiktsonen, merket med rosafarge. Det må være 3 meter fri sikt inn i avkjørselen. Det betyr at når du står 3 meter inn i avkjørselen din skal du kunne se midten på gang- og sykkelvegen 30 meter til hver side. Merk at frisiktsonen bør utvides utover 30 meter dersom gang- og sykkelvegen heller og syklistene holder høy fart. Foto: Statens vegvesen

Berre ein halv meter

Når du står tre meter inn i avkøyrsla di skal du ha minst 30 meter fri sikt i kvar retning langs gang- og sykkelvegen, ifølge lova. Hekk og gjerde skal heller ikkje vere høgare enn 50 centimeter ved avkøyrsla. Om avkøyrsla munnar ut i ein veg med fartsgrense 50 km/t, må det vere fire meter fri sikt inn og 45 meter til kvar side når du står inne i avkøyrsla di, ifølgje Statens vegvesen si temaside om vegetasjonsrydding og ein brosjyre om temaet som ligg ute på www.vegvesen.no

– Det her gjeld mange stader i distriktet vårt. Mange er nok ikkje klar over dette,  no må vi saman ta eit tak for å sikre best mogleg sikt og trafikktryggleik før skulestart, avsluttar Nestås.

Trygg Trafikk er opptekne av at skulevegane skal vere så trygge som mogleg og vonar oppmodinga vert teken vel imot.

Kontaktperson:
Regionleiar Knut Olav Røssland Nestås, telefon 41206132 
e-post: nestas@tryggtrafikk.no


Sist oppdatert: 05.08.2021
Publisert: 05.08.2021