HeimNyheterVal av eldreråd

Val av eldreråd

Det skal no veljast nytt eldreråd for 2019-2023. Valet vert gjort av heradsstyret. Pensjonistforeningar og andre lag som arbeider med tiltak for eldre, kan foreslå medlemmer til eldrerådet. Eldrerådet har i perioden 2015-2019 hatt 7 medlemmer med personlege varamedlemmer.

 

Eventuelle framlegg til medlemmer/varamedlemmer i eldrerådet for perioden 2019-2023 må sendast til Osterøy kommune, Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg, eller på e-post til

marie.koksvik.thorsen@osteroy.kommune.no, innan torsdag 31.10.19.


Sist oppdatert: 09.10.2019
Publisert: 09.10.2019