HeimNyheterVal av råd for menneske med nedsett funksjonsevne

Val av råd for menneske med nedsett funksjonsevne

Det skal no veljast nytt råd for menneske med nedsett funksjonsevne for perioden 2019-2023. Valet vert gjort av heradsstyret. Lag og organisajonar som arbeider med tiltak for innbyggjarar med nedsett funksjonsevne kan foreslå medlemmer til rådet. Rådet for funksjonshemma har i denne perioden hatt 6 medlemmer med personlege varamedlemmer.

 

Eventuelle framlegg til medlemmer i Rådet for funksjonshemma for perioden 2019-2023 må sendast til Osterøy kommune, Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg, eller på e-post til marie.k.thorsen@osteroy.kommune.no,

innan torsdag 31.10.19


Sist oppdatert: 09.10.2019
Publisert: 09.10.2019