Vassleidningsbrot på Valestrand

Torsdag kveld vart det oppdaga lekkasje på vassleidningsnettet i Valestrandsområdet. I løpet av natta vart aktuelt strekk lokalisert til området Vardalsvegen, og fleire husstandar der er framleis utan vatn.

Før me kan utbetra feilen må me finna det punktet på dette strekket der lekkasjen er. Dette vert det framleis jobba med. Me håpar å finne feilen og sette i gang reparasjonsarbeidet så snart som mogleg.

Kokepåbod vart sendt ut via SMS i dag tidleg. Kokevarselet kan først opphevast etter to negative vassprøvar. Vassprøvane vert ikkje prioritert før feilen er funnen og utbetra.

Alle som har fått kokepåbod via SMS vil få ny SMS når vatnet er trygt å drikka. Kokepåbodet vert TIDLEGAST oppheva på måndag.

Dei som er utan vatn vil få ein SMS om hentestad for vatn. Dei må ta med dunkar til å fylle på vatn til matlaging og hygienebruk.  


Sist oppdatert: 16.12.2022
Publisert: 16.12.2022