Vassleidningsbrot Valestrand

Det er i samband med spreningsarbeid ved Valestrand skule at uhellet var ute.
Teknisk avdeling er på plass for å sjå på skaden og jobbar med saka.
Vatnet vil vera tilbake så snart feilen er retta, og det vil kunna oppstå ein del misfarga vatn etter arbeidet. 
Dei som framleis får vatn må koka det. Dette då delar av leidningsnettet har vore trykklaust.
Artikkelen vert oppdatert så snart me har meir informasjon.
Dersom du ikkje har fått SMS og/eller e-post om hendinga, kan dette ha to forklaringar.
1. Det ligg feil informasjon i dei offentlege register vi henter data frå. Les om kvar vi får opplysningar frå, og moglegheit for å leggja inn varsling på andre adresser her: varsling24.no/kundeinfo
2. Du bur utanfor det geografiske område vi har sendt varsling til.

Sist oppdatert: 07.06.2023
Publisert: 07.06.2023