HjemNyheterVatningsforbodet er oppheva

Vatningsforbodet er oppheva

Sjølv om vatningsforbodet no er oppheva vil me koma med ei lita oppmoding til deg som innbyggar. I Noreg er me heldige som har reinsa drikkevatn, som me utanom å drikke og lage mat med, kan bruke til å sløkje brann, vaska bilen, vatne plen, leike og bada i. Når me då får lengre tørkeperiodar slik som me hadde no, er det veldig fint om me alle tenker på at jo mindre vatn me nyttar til bilvask, vatning av plen og leik med vatn, jo meir reint vatn har me til å drikke og lage mat med. Tenk alltid difor over tipsa som vart nemnd i forbodet.

Me ønskjer å takka for at de høyrde på oss og hjelpte til å overhalda vatningsforbodet. Me set stor pris på da!


Sist oppdatert: 23.06.2023
Publisert: 23.06.2023