Velkomen til open dag på brannstasjonen
Laurdag 21. september kan du besøke Osterøy brannstasjon på Hauge og sjå korleis brannfolk har det på jobb. På programmet står kjekke aktivitetar for heile familien.
Publisert:
31.08.2019
Sist endra:
31.08.2019
På open brannstasjon får ein lære om brannvern, ta del i konkurransar, prøvesitte brannbil, spyle med brannslange og mykje meir! Dette vert ein lærerik og spennande dag for både store og små.
Open brannstasjon arrangerast på over 350 brannstasjonar i heile landet. Her kan du finne opne brannstasjonar i ditt nærområde.
For meir informasjon om open brannstasjon følg med på dette Facebook-arrangementet.