HjemNyheterVelkommen til digitalt informasjonsmøte og open dag for områdeplanen for Lonevåg

Velkommen til digitalt informasjonsmøte og open dag for områdeplanen for Lonevåg

Onsdag 24.juni frå kl 18.00-19.00 vert det digitalt informasjonsmøte. Her vert planen presentert i starten av møtet, ca 20-25 min. Etterpå kan du få svar på spørsmål. Dersom du allereie har spørsmål i forkant av møtet, oppmodar vi deg til å sende desse inn i forkant av informasjonsmøtet, slik at vi kan kome med eit grundig svar. Det er også moglegheit for å stille spørsmål i chat-feltet under presentasjonen. Du kan gå rett til møtet ved å klikke her. 

Torsdag 25.juni er det open dag i Osterøyhallen frå klokka 12.00-17.00. Her kan du stille spørsmål til områdeplanen og planavdelinga vil svare deg. 

Til open dag er det naudsynt med påmelding. Vi set av 30 min til kvar. Ved påmelding, ver vennleg å oppgje kva tidspunkt du kan kome. For påmelding, send ein e-post til post@osteroy.kommune.no eller ring 56192118. Oppgje kva tidspunkt du ønsker å kome. 

 

Dersom du ønsker å lese deg opp på planen i forkant, kan du finne plankart og alle dokumenta i kunngjeringa på heimesida. Trykk her for å kome til kunngjeringa. 

Har du merknader og innspel til planen, er frist for tilbakemelding sett til 14.juli.

Velkomen til digitalt informasjonsmøte og open dag!


Sist oppdatert: 14.07.2020
Publisert: 18.06.2020