HjemNyheterVil du bli ein Osterøy-kjennar?

Vil du bli ein Osterøy-kjennar?

Ein Osterøy-kjennar skal ha generalistkunnskap om Osterøy, og kan til dømes vera tur-guide på ein busstur, fjelltur, båttur m.m. - ta tilreisande/ turistar med rundt på øya å fortelja den overordna historia til Osterøy. Dette er altså ei opplæring som gir deltakarane basiskunnskap om Osterøy, og etter endt kurs så er deltakarane ein «sertifisert» Osterøy-kjennar.

Dei 6 første kveldane får deltakarane basiskunnskap om Osterøy si historie, kulturhistorie, arbeidsliv, tradisjonar, folketal med meir - ved lokalhistorikar Geir Kleiveland.

Den siste kvelden vert det opplæring i forteljarteknikk ved Johanne Tvedten som er Formidlingsleiar ved Sunnhordland museum. Me vil også i løpet av kurset ta opp temaet om kva me skal tilby av guiding rundt på Osterøy og korleis det kan organiserast.

Opplæringa er gratis. Medlemmer i Osterøy Reiselivslag prioriterast dersom det blir fullteikna. Påmeldingsfrist er 24. januar 2022 til aasenilssen@hotmail.com.


Sist oppdatert: 17.12.2021
Publisert: 17.12.2021