HeimNyheterVil du bli meddommar? Då høyrer vi gjerne frå deg!

Vil du bli meddommar? Då høyrer vi gjerne frå deg!

Meddommarar er vanlege innbyggjarar som er med på å ta avgjerder i rettssaker. Som meddommar kan du rekna med å gjera teneste to gonger i året. Dei fleste rettssaker varer frå ein til tre dagar, men enkelte saker kan ta lenger tid.
Publisert: 06.03.2020
Sist endra: 06.03.2020

Vervet som meddommar er ei samfunnsplikt, og til vanleg får ein fri frå jobb for å utføra dette. Legitimert tap av arbeidsforteneste blir erstatta.

Vervet som meddommar i Bergen tingrett, Gulating lagmannsrett og jordskifteretten inneber at du ser ein av fleire medommarar som skal dømma saman med juridiske fagdommarar. Utvala av meddommarar skal ha like mange kvinner og menn, og dei skal ha ei allsidig samansetjing slik at alle delar av befolkninga er best mogleg representert.

Krav til meddommarar:

Du må

  • vera folkeregistrert i Osterøy kommune
  • Vera over 21 år og under 70 pr. 01. januar 2021
  • Snakka og forstå norsk
  • Vera norsk statsborgar eller statsborgar i eit anna nordisk land, eller ha stått innført i folkeregisteret som busett i Norge dei siste tre åra før kommunestyret vel utvalet.
  • Du treng ikkje juridisk bakgrunn eller andre særlege kvalifikasjonar for vervet.

Om du ynskjer å vera meddommar for perioden 2021 – 2024 kan du senda ein e-post til post@osteroy.kommune.no innan 31. mars 2020. Du må oppgi fullt namn, adresse, fødselsdato, telefonnummer, yrke og stilling.

Meir informasjon: https://www.domstol.no/straffesak/aktorene-i-retten/meddommer/ og https://www.domstol.no/jordskifterettene/kreve-sak/slik-er-retten-sammensatt/meddommer/

Det er heradsstyret som vel meddommarar frå kommunen. I Domstollova § 71 går det fram kven som er utelukka frå val grunna stilling. § 72 omhandlar kven som er utelukka grunna krav til vandel.

Vandelskontroll vert føreteke for kandidatane. Kommunen skal velja 28 meddommarar til tingretten og 10 til lagmannsretten.

Treng du meir informasjon, ta kontakt med Politisk-adm. sekretariat, bente.skjerping@osteroy.kommune.no el. Tlf. 56192122