HeimFaktura og rekningar

Faktura og rekningar

Betale rekning frå Osterøy kommune? 

Kva bankkonto skal du betale til?

Alle rekningar frå Osterøy kommune (ikkje skattekrav) skal betalast til bankkonto 3633.54.98164 som også er oppgitt på rekninga. Ikkje gløym å oppgi aktuell KID-referanse for å sikre rask og korrekt behandling av innbetalinga di. Dersom KID-referanse manglar kan du skrive kundenummeret ditt som er oppgitt på rekninga.

Ved betaling frå utanlandsk bank må du bruke fylgjande bankadressekodar for å identifisere mottakar sin bank i Norge:

  • IBAN-KODE: NO 53 3633 5498 164
  • SWIFT/BIC-adresse: SPAVNOBB 

Kva måte vil du betale rekningane dine på?

  • eFaktura: Med eFaktura mottek du alle rekningane frå Osterøy kommune ferdig utfylt rett i nettbanken din i staden for i postkassa.  Du slepp å taste KID- og kontonummer, alt du treng å gjere er å klikke OK for å betale rekninga på aktuell forfallsdato.
  • Avtalegiro: Du kan også inngå Avtalegiro med banken din for trekk av faste rekningar pr månad.
  • Faktura pr e-post: Du kan også få tilsendt faktura pr e-post – då må du sende e-post til post@osteroy.kommune.no der du opplyser om namn, kundenummer, adresse og e-postadresse. 

Har du spørsmål om innbetaling av faktura?

Ta kontakt med rekneskapsavdelinga vår

 

Sende faktura til Osterøy kommune?

EHF er ei forkorting for Elektronisk HandelsFormat. Ein slik faktura vert overført elektronisk frå seljar til kjøpar sitt økonomisystem.

Osterøy kommune nyttar Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) sin standard for elektronisk faktura. På denne måten blir vi meir effektive!

Her kan du lese meir om ordninga:

EHF-standarden er forankra i Forskrift om IT-standard i offentleg forvaltning.

Les meir om ordninga på nettsidene til Difi: Om elektronisk faktura

 

Osterøy kommune sitt organisasjonsnummer er: 864 338 712

Kan ikkje verksemda di levere ein EHF?

Send faktura på e-post til post@osteroy.kommune.no

Sender du faktura på denne måten, hugs å få med følgjande opplysningar:

  • Firmanamn, organisasjonsnummer,  merverdiavgiftspesifikasjon, fakturanummer, fakturadato, forfallsdato, fakturasum, bankkonto og eventuelt KID

Sist oppdatert: 20.11.2018
Publisert: 14.11.2018