Haus barnehage
Ein trygg og god stad der borna kan leika, læra og utvikla seg saman med andre.
Om oss
- Opningstida vår er måndag – fredag kl. 7-16.30
- Haus barnehage ligg på sørsida av Osterøy, i Haus sentrum, ca 7 min frå Osterøybrua og 15 min frå Lonevåg.
- Haus barnehage består av fire avdelingar; to småbarnsavdelingar, ein storbarnsavdeling og ei førskuleavdeling.
Haus barnehage ligg idyllisk til ved Mjeldavatnet nedst i flotte Mjeldalen. Her har me nærleik til vatn, sjø, skog og fjell som me nyttar mykje i vår barnehage-kvardag. Dette er og satsingsområdet til barnehagen. (Sjø, båt og friluftsliv)
Heldige er me som ligg i nærleiken til skulen, skuleskogen og idrettsbana. Her boltrar vi oss fleire dagar i veka.
Kontakt oss
Styrar: Meriam Njaastad
- Telefon: 56 19 27 40
- E-post: meriam.njaastad@osteroy.kommune.no
Telefonnummer til avdelingane:
- Maurtua: 945 08 707
- Sommarfugl: 409 12 087
- Marihøna: 945 08 706
- Tusenbein: 409 12 084
Besøksadresse:
Votlavegen 31
5286 HAUS
Kvifor velje Haus barnehage?
Stor kompetanse på språkstimulering
Språkdusj er ein språkaktivitet som vert praktisert på alle avdelingane våre, fast ein gong for veka. Denne språkaktiviteten har fast form og, vert gjennomført med ei mindre gruppe barn leia av ein kjent tilsett på avdelinga. Innhaldet i aktiviteten vert tilpassa dei borna som er på gruppa og vert bytt ut etter kvart som barna utviklar seg og treng andre utfordringar Språkdusj er noko alle avdelingane, til og med dei yngste, gjennomfører kvar veke. Innhaldet vert tilpassa og bytt ut etter kvart som borna utviklar seg og treng andre utfordringar.
Me har andre språkutviklingsaktivitetar på avdelingane også, men gjennom vår måte å organisere og gjennomføre Språkdusj på, sikrar me oss at alle borna får delta i språkstimulerande aktivitetar gjennom veka.
Overgangar
Det er ein stor overgang for born når dei skal byrja i barnehagen. Me har difor stort fokus på å gje borna god tid til tilvenning og det å verta godt kjend med barnehagen. Me startar allereie i mai/juni med foreldremøte og med tilbod om besøksdagar for dei borna som skal starte i barnehagen i løpet av hausten. Då er foreldra med, og borna får gjort seg litt kjend med barnehagen sitt fysiske miljø. Det er også kjekt for foreldra å verta betre kjend med barnehagen og personale på avdelinga.
Eit aktivt friluftsliv
Haus barnehage har ein lavvo som vert brukt fleire gonger for veka. Det er i hovudsak førskulegruppa som bruker denne, men den andre storbarnsavdelinga går ofte hit. Lavvoen ligg på Åsheim, ca 2 km frå barnehagen. Der ligg den i fantastiske omgjevnader med supergøy akebakke og med utsikt til sjø og fjell, og er eit flott utgangspunkt for turar i Åsheim området
Båten vår “Birger” blir brukt av alle avdelingar men i hovudsak er det dei største avdelingane som nyttar den mest.
Førskulegruppe- ein eigen avdeling
Me har ein eigen førskulegruppe i Haus barnehage. Me ser at det gjer ein ekstra tryggleik for borna å gå saman og verte ekstra godt kjend før skulestart. Me får også tilbakemeldingar frå skulen at dei ser ei positiv endring på barnegruppene som byrjar på skulen no, samanlikna med tidlegare då me ikkje hadde eiga førskuleavdeling. På denne måten er me med på å starte arbeidet med klassemiljøet som er så viktig for å skape gode læringsvilkår for borna oppover i skuleløpet sitt.
Me samarbeider godt med skulen og har overgangs- og tilvenningsplan som vert gjennomført på våren før skulestart.
Både gymsalen og uteområdet til skulen nyttar vi ofte.
Leik med meining
Leiken er verdifull for barn og me legg forholda til rette for dette i vår barnehage. Me skapar rom og tid for at borna skal få utforske leiken og deler barnegruppa inn i mindre grupper. Personalet veit kor viktig leik er i utviklinga til borna, dei er til stades i leiken og kan rettleie og hjelpe borna i å utvikle leikekompetansen sin. «Leiken skal vere ein arena for utvikling og læring og for sosial og språkleg samhandling. Barnehagen skal inspirere til og gi rom for ulike typar leik, både ute og inne». (Rammeplanen)
Våre tilsette
I Haus barnehage har me eit godt kvalifisert personale. Me oppfyller pedagog-norma og resten av personalet er i størst grad fagarbeidarar. Vi har vår eigen spesialpedagog som er knytt til barnehagen.
Me legg til rette for å gje borna ein aktiv kvardag full av leik, undring og opplevingar. Våre tilsette har livbergingskurs og likar å vera ute i all slags ver. Dei er løysningsorienterte, positive, kreative, fleksible og leikne. Personalet på alle avdelingane har jobba godt med kompetanseutvikling innanfor voksen rolla og jobbar etter å vera ein autorativ voksen. Det betyr at personalet skal vera tydelege og varme.
Årsplan
Les gjerne Årsplanen for 2023-2024, den er vårt pedagogiske arbeidsdokument. Årsplanen er godkjent av Samarbeidsutvalet i barnehagen.