HjemBarnehageBarnehagane våreLonevåg barnehage

Lonevåg barnehage

Lonevåg barnehage sett ovanfrå

Med fokus på tryggleik, utfordringar, trivsel, glede og humor gjennom leik og læring.

 

Om oss
  • Opningstida er 07.00-16.30 alle kvardagar.  
  • Lonevåg barnehage ligg på Hatland like ved Lonevåg sentrum. Barnehagen ligg fint til med kort veg til skog og turområde. Osterøy kulturskule ligg i same bygg. 
  • Lonevåg barnehage gjev barna tryggleik og utfordringar, tilpassa alder og funksjonsnivå. Barna opplever trivsel, glede og humor gjennom leik og læring saman med andre barn og dyktige tilsette. 
  • Barna får påverke kvardagen sin i barnehagen ved at personalet fylgjer barna sine initiativ. 
  • Barnehagen har 6 avdelingar: 3 småbarnsavdelingar med barn frå 1-3 år, to  3-4 års avdelingar og ei rein 5 års avdeling. 
  • Barnehagen har sin eigen Lavvo ved Husavatnet. Den ligg i eit skogsområde som innbyr til mykje aktiv leik i naturen.  
Kontakt oss

Styrar: Kari Vevle Reigstad

Telefonnummer til avdelingane:

Besøksadresse:

Rambergsvegen 213

5282 Lonevåg

Sjå kart.

Kvifor velje Lonevåg barnehage?

Språkstimulering

I Lonevåg barnehage legg vi til rette for at barna skal få god språkstimulering. Vi les bøker kvar dag, syng mykje i løpet av dagen og vi  legg stor vekt på den gode samtalen med barna. 

 

Eit aktivt friluftsliv

  • Ei gruppe med barn brukar lavvoen fleire timar kvar dag, lunsjen kan vi ete inne ved omnen, ute ved bålet eller på terrassen ein solskinsdag.
  • Vi går på turar i skogsområda i nærleiken, turar til fotballbana ved Osterøyhallen er også populært.
  • Barna får også gå til Lonevåg sentrum og låna bøker på biblioteket.
  • 5-åringane brukar bassenget til Osterøy ungdomsskule og får på den måten ei fin tilvenning til vatn

Prosjektarbeid

  • Lonevåg barnehage deltek i eit prosjekt saman med NLA-lærerhøgskolen og saman arbeidar vi for at barna skal få leike seg til auka kompetanse med tallmengder og formar.

  • Målet er at arbeidet med fagområdet mengd, rom og form skal verte ein større del av barnehagekvardagen og hjelpe barna til å lettare forstå matematikk når dei vert eldre.

Den viktige leiken

I Lonevåg barnehage verdset vi høgt den frie leiken som barna får styre sjølv. For at leiken skal få gode vilkår er det viktig at:

  • Det er sett av nok tid til leik
  • At personalet er til stades og kan støtte barna i leiken når det er trong for det.
  • God leik er lystbetont og gir barna glede og trivsel.
  • Gjennom leik kan barna få sosial kompetanse, dei lærer å respektere andre sine grenser og meiningar, og akseptere at det er ulikskapar. 
  • Den gode leiken skjer både inne og ute.

Tilvenning

Vi legg vekt på ein trygg og god barnehagestart med

  • Besøksdag før ferien
  • Foreldremøte for nye foreldre
  • Primærkontakt til alle barna
  • Tilvenningsperiode tilpassa ditt barn

Våre tilsette

Lonevåg barnehage har varme, tydelege, erfarne tilsette som set barna sitt beste i sentrum.

Vi har:

  • To pedagogar på kvar avdeling
  • Høg del av tilsette med fagbrev
  • Fast tilsett spesialpedagog
  • Kompetanse på endrings og utviklingsarbeid, veiledning, matematikk og naturfag i barnehagen 

Årsplan

Les gjerne Årsplanen for 2023-2024, den er vårt pedagogiske arbeidsdokument. Årsplanen er godkjent av Samarbeidsutvalet i barnehagen.
Hugs å lese vedtektene før du takkar ja til barnehageplass. 

Lonevåg barnehage sin årsplan


Sist oppdatert: 05.10.2023
Publisert: 03.12.2020