Osterøy gårds- og friluftsbarnehage (privat)
Om oss
Barnehagen held til på eit gardsbruk på Vevle, om lag midt mellom Lonevåg, Valestrand og Haus.
Me har lyse fine innelokale, lavvo, og naturen rundt oss på alle kantar. Me er mykje ute i skog og mark der me leikar, byggjer hytter og gjer andre aktivitetar. Bål og mat ute er kjekt. Det er eit mål å læra enkle teknikkar som å byggja bål, og bruk av sag og kniv.
I tillegg til arbeidet med dei 7 ulike fagområda rammeplanen legg opp til så tilbyr me stell og omsorg for dyr. Me har flor med ponni, sauer, høner, hane, og marsvin.
Me dyrkar poteter, grønsaker, bær og frukt, og me har slåttonn med hesjing og hausting av høy. Det er eit mål å ta opp og læra om tradisjonar som høyrer heime på ein gard, samt å bruka det me haustar inn.
Osterøy Gårds og Friluftsbarnehage AS gjev tilbod til born i alderen 1 – 6 år. Me har ikkje avdelingar, men deler oss i grupper, dels etter alder, men og etter aktivitet eller interesse.
Kontakt oss
Styrar: Arny-Sissel Myking Horsås
- Telefon: 56 39 45 57
- E-post: arny@friluftsbarnehage.no
Besøksadresse:
Vevlevegen 213
5281 Valestrandsfossen
Årsplan
Les gjerne årsplanen, den er vårt pedagogiske arbeidsdokument. Årsplanen er godkjent av Samarbeidsutvalet i barnehagen.
For meir informasjon sjå heimesida til Osterøy Gårds- og Friluftsbarnehage