HeimBarnehageBarnehagane våreValestrand barnehage

Valestrand barnehage

Ein god og inkluderande kvardag for barnet ditt.

Om oss
  • Barnehagen er open frå 6.55-16.30
  • Du finn oss oppom fergekaien på Valestrand. Herifrå har vi utsyn til Valestrand sentrum, Bullahuset og til ferja som går mellom Valestrand og Breistein. 
  • Vi har lavvo i skogområdet nær ved barnehagen og nyttar  nærområdet som turmål.
  • Vi ynskjer å skapa ein god og inkluderande kvardag for ditt barn, der vi ser barnet ditt og tek vare på det, let det utforska, undra seg og utvikla seg. Hos oss vert barnet ditt møtt med anerkjenning og respekt og lærer seg å ta vare miljøet og kulturarven.
  • Vi har særleg fokus på fylgjande områder: 
    • Berekraftig utvikling/miljø
    • Friluftsliv
    • Språk
    • Leiken
Kontakt oss

Styrar: May Lis S Daltveit

Telefonnummer til avdelingane:

Besøksadresse:

Eidsbakkane 42

5281 Valestrandsfossen

Sjå kart.

 

Kvifor velje Valestrand barnehage?

 

Vi er ein liten barnehage  der barna fort vert kjent med kvarandre og trygge på heile personalet. 

Uteområdet vårt er oversiktleg og variert og gjev barnet ditt ulike moglegheiter for leik og fysiske  utfordringar i løpet av dagen. 

Personalet har ein genuin interesse for musikk, drama og estetiske fag og er opptatt av å ta vare på miljøet og kulturarven vår. Personalet får blomstre og brukt det som dei er gode på og har interesse for, og dette er med på å inspirera og utforda barna og resten av personalet  til å utforska nye områder.

Ved å klikke på lenka under kan du sjå video om Valestrand barnehage. Videoen er laga og redigert av Mata Marius Film og Foto.

Video frå og om Valestrand barnehage.  (Youtube-video)

Berekraftig utvikling/miljø 

I Valestrand barnehage er me miljøbevisste og jobbar aktivt med berekraftmåla. Alle barna er med på å kjeldresorteraresirkulera boss, leverer i miljøspann, panter flaske, plukker boss langs vegen og i naturen når dei er på tur.  

Barnet ditt får lera å ta vare på naturen og rydda opp etter seg når dei er på tur og rydda opp på plassen etter seg når dei har ete. Barnet ditt får delta i prosessen med kompostering av matavfall og sjå korleis ein kan gjera seg nytte av matavfallet til planting av grønnsaker og blomar. 

Eit tema som barna har skapt engasjement hos barna dette året har vore “Plast i havet” (sjå bilete). 

Eit aktivt friluftsliv 

I Valestrand barnehage nyttar vi nærområda og vegen til Bullahuset for å la barna verta kjende med nærmiljøet og kulturarven vår, og for at barna skal lære seg å ta vare på og forvalte det som dei har rundt seg på ein god måte. “Tur-bingo “ er populært hos alle barna  

Barnet ditt vil, frå det er 2 år  få vera med på turar til lavvoen vår som me er glade i, og der barna kan sjå ut over Valestrandsbygda. Barna våre storkoser seg når dei får leika inne i og ute ved lavvoen og utforska området rundt Barnet ditt vil få smake pinnebrød, og utforske vannrenna som er laga. (sjå bilete) 

Dei yngste barna trivst best med å utforska alt dei ser og høyrer og kan kjenna på, på turane i nærmiljøetmedan dei største barna er med på toppturar i nærmiljøet siste året i barnehagen. 

Stor kompetanse på språkstimulering 

I Valestrand barnehage jobbar vi systematisk for å vera med på å påvirka og utvikla språket hos alle barnaPersonalet har i løpet av dei siste 2 åra jobba aktivt og systematisk med Språkløyper” og fått med seg mykje god kunnskap  som dei nyttar i det dagelege arbeidet med barna. Dette har vi hatt stor glede av. 

Vi har “eventyr-kasser” og språkkasser med ulike aktivitetar som vert nytta i språkgrupper med barna. 

Vi har “ Bok-ven “ prosjekt der barna ditt får ta med seg yndlingsboka si heimifrå og som vi leser for dei andre barna i gruppa. 

Barnet ditt vil også   låne med seg heim bøker frå barnehagen. 

Shhh vi har en plan” har blitt ein av favorittbøkene  for 2 åringane våre. Her er mykje å undre seg over og snakke om.  

“Fuglefesten” er ein yndlingsbok for dei eldste barna, og også nokre av dei yngste. 

Leik med meining 

Barnet ditt vil få mykje tid til leik gjennom dagen i større og mindre grupper. Leik er det me gjer mest av her. Gjennom leiken kommuniserer barna og knyttar venskap med kvarandre.  Personalet deltek gjerne i leiken på eige initiativ eller når dei vert invitert inn i leiken av barna.  

Våre tilsette

Cathrine Louise Toft, pedagogisk leiar/spesialpedagog 

Daniel Monstad Windt, pedagogisk leiar 

Trine Haugland, pedagogisk leiar 

Susanne Mjelde, pedagogisk leiar 

Maren Engstrøm, pedagogisk leiar(vikariat) 

Elisabeth Elde, fagarbeidar 

Rita Njåstad Indrebø, fagarbeidar 

Grete Bernes Vedå, fagarbeidar 

Rosemalin Rosquita Sætre, assistent/ vikar 

Helene Fosse, assistent 

Ynskjer du å vite meir om oss, sjå i Årsplanen.

Årsplan og vedtekter

Les gjerne Årsplanen for 2020-2021, den er vårt pedagogiske arbeidsdokument. Årsplanen er godkjent av Samarbeidsutvalet i barnehagen.

Valestrand barnehage sin årsplan.


Sist oppdatert: 22.10.2021
Publisert: 03.12.2020