HeimBarnehageHelsestasjon

Helsestasjon

Helsestasjon og skulehelsetenesta si målgruppe er born og ungdom mellom 0 og 20 år. Helsesøstertenesta arbeider førebyggjande, svarar på spørsmål og gjev råd og rettleiing dersom det er ønskjeleg.

Kontakt oss

Her finn du oss

Fotlandsvegen 27

5282 Lonevåg

Vis i kart 

Opningstid

Opningstid for brukarar: Klokka 08.30 til 15.00.

Tirsdagar er Helsestasjon for ungdom open til klokka 16.30.

Telefontid:

Måndag, tysdag og torsdag kl 08.30 til 11.00 og frå 12.00 til 14.00. 

Onsdag: stengt

Fredag: frå 08.30 - 11.00

Tilsette på helsestasjonen

Leiande helsesøster: Bente Kari Thorsen

Helsesøster: Hanne Mjelde Birkeland

Helsesøster: Beate Kleppe

Helsesøster: Jorunn Hermansen

Helsesøster: Silje Mæland

Helsesekretær: Anne Karen Burkeland

Spesialsykepleiar: Marianne Kollvangsnes Solberg

Kommunejordmor: Kari Anne Fossheim

Om helsestasjonen 

Helsestasjonens oppgåver:

  • Fremje psykisk og fysisk helse på born 0 - 6 år
  • Fremje gode sosiale og miljømessige forhold
  • Førebyggje sjukdom og skade
  • Systematiske spe- og småbarnsundersøkelser
  • Gjennomføring av vaksinasjonsprogram
  • Tilbod om heimebesøk til alle nyfødte

I tillegg kjem:

  • Førebygging av epidemiske og smittsame sjukdomar
  • Miljøretta helsesvern i barnehager og skuler
  • Helseteneste for flyktninger
  • Samarbeid med foreldre, skule, barnehager, PPT, barnevern, lege, psykolog, ergo- og fysioterapitenesta
  • Utleige av brystpumper 
  • Foreldreveiledning
  • Babytreff

Vi ynskjer kontakt med alle born som bur på Osterøy og ber derfor alle tilflyttarar om å ta kontakt dersom de ikkje har fått innkalling til helsestasjonen.

Sjuke barn

Hovudregelen er at sjuke born ikkje skal på helsestasjonen, dette for å beskytte dei minste borna for smitte. Vi kan eventuelt gje rettleiing per telefon dersom du er usikker på om barnet ditt treng legetilsyn.  

Dersom barnet ditt er sjukt og du har behov for lege, kontakt fastlege eller legevakt (116 117).

Målet med helsestasjonprogrammet
  • At foreldra opplever meistring i foreldrerolla
  • Å bidra til godt samspel mellom foreldre og born
  • Å fremje fysisk, psykisk, og sosial utvikling hjå sped- og småborn
  • Å førebygge, avverje og avdekke vald, overgrep og omsorgssvikt
  • Å avdekke fysiske og psykiske utviklingsavvik tidleg
  • Å bidra til at born får oppfølging og vert tilvist vidare ved behov 
Faste helseundersøkingar i Osterøy kommune
 

Alder

Helsesøster

Lege

Vaksiner

Nyfødd

(7-10 dagar)

Tilbod om heimebesøk. Vekt og hovudmål

 

 

 

2-4 veker

Tilbod om vektkontroll og rettleiing. Hovudmål

 

 

 

6 veker

Vekt og hovudmål. Rettleiing og kartlegging. Vaksinering

 

x

Rotarix= vaksine mot Rotavirus. (Drikkevaksine)*

3 mnd

Vekt, lengde og hovudmål. Rettleiing og kartlegging, vaksinering

 

Rotarix, Hexyon= 6-komponentsvaksine og Prevenar13= vaksine mot pneumokokkinfeksjon)

4 mnd

Vekt, lengde og hovudmål. Rettleiing og kartlegging

 

 

5 mnd

Vekt, lengde og hovudmål. Rettleiing og kartlegging. Vaksinering

 

 

Hexyon og Prevenar13

6 mnd

Vekt, lengde og hovudmål. Rettleiing og kartlegging

 

x

 

7-8 mnd

Vekt, lengde og hovudmål. Rettleiing og kartlegging

 

 

 

10 mnd

Vekt, lengde og hovudmål. Rettleiing og kartlegging

 

 

 

12 mnd

Vekt, lengde og hovudmål. Rettleiing og kartlegging. Vaksinering

 

x

Hexyon og Prevenar13

15 mnd

Vekt og lengde. Rettleiing og kartlegging. Vaksinering

 

 

Priorix = vaksine mot meslinger, kusma, røde hunder (MMR)

18 mnd

Vekt og lengde. Rettleiing og kartlegging

 

 

 

2 år

Vekt og lengde. Kartlegging av språk. Rettleiing

 

x

 

4 år

Vekt og lengde. Kartlegging av språk, syn og motorikk. Rettleiing

 

 

 

* Born med foreldre frå land med høge tilfelle av tuberkulose får tilbod om BCG-vaksine frå 6 veker- 6 mnd alder. 

Trykk her for å lese meir om dei ulike vaksinane på heimesida til Folkehelseinstituttet.

Sjå oversikt over helsestasjonsprogrammet på Helsedirektoratet si heimeside i PDF. 


Sist oppdatert: 09.07.2019
Publisert: 01.11.2018