HeimBarnehageSøkje eller endre plass

Søkje eller endre plass

Slik søkjer du

Informasjon om opptaket

Vi gjennomfører samordna opptak. Det betyr at du må sende søknaden din til kommunen anten du søkjer plass i kommunal eller privat barnehage.

Nokre av dei private barnehagane har eigne opptakskriterier. Desse finn du i vedtektene til dei enkelte barnehagane, sjå heimesidene deira.

Trykk her for å lese meir om alle barnehagane i kommunen vår.

Hugs å sende ny søknad for hovudopptak hausten 2019, sjølv om du står på venteliste!

Slik søkjer du

Du søkjer barnehageplass elektronisk.

Søknadsfristen til hovudopptaket er 1. mars.

Klikk her for å gå til elektronisk søknadsskjema for opptak til barnehageåret 2019/2020.

Skal du sende ekstra dokumentasjon? Merk det med "barnehagesøknad" og send det til:

Osterøy kommune
Rådhusplassen
5282 Lonevåg

Kva skjer etter du har sendt søknaden? 

Du som søkjer plass i hovudopptaket får:

  • stadfesting på e-post med ein gong du har sendt søknaden
  • tilbodet eller avslaget kjem i posten til den adressa du har gitt oss i søknaden

 Du som søkjer ledige plassar utanom hovudopptaket får:

  • stadfesting på e-post med ein gong du har sendt søknaden
  • berre skriftleg svar når vi har ledig plass og vi kan gi deg eit tilbod
  • ikkje svar om vi ikkje har ledige plassar, men søknaden din havnar automatisk på ventelista vår

Har du rett på plass?

Kven har rett på barnehageplass?

For å ha rett til barnehageplass må du:

  • bu i kommunen
  • søkje barnehageplass innan fristen for hovudopptaket 1. mars

Dersom barnet ditt fyllet eitt år i august, september, oktober eller november har du rett på plass den månaden barnet ditt fyller år. Barn som er født desse fire månadane må med andre ord ikkje betale for plassen før dei startar i barnehagen.

Hovudopptaket skjer i perioden frå mars til juni. I denne perioden kan du ikkje endre på søknaden.

Du kan sjølvsagt søkje barnehageplass utanom hovudopptaket og få tilbod om vi har ledige plassar.

Har barnet ditt rett til prioritet?

Kommunen skal prioritere å gi plass til følgjande barn i hovudopptaket:

  • barn med nedsett funksjonsevne
  • barn med vedtak etter lov om barnevernstenester §§ 4-12 og 4-4 andre og fjerde ledd

Søkjer du plass til eit barn med rett til prioritet? Hugs å sende dokumentasjon til kommunen innan søknadsfristen 1. mars. 

Endre, flytte, bytte eller seie opp plass?

Endre, flytte eller bytte plass?

Vil du endre opphaldstid i barnehagen, brukar du det vanlege søknadsskjemaet, men kryss av for at du ønskjer "endring/overføring av plass". 

Trykk her for endring av plassen i barnehageåret 2018/2019.

Søknader vert vurdert fortløpande.

Flyttar du til ein annan stad i kommunen kan du behalde barnehageplassen du har. Ønskjer du plass i ein annan barnehage, må du sjølv søkje om ny barnehageplass.

Bruk det vanlege søknadsskjemaet, men kryss av for at du ønskjer å bytte barnehage.

Trykk her for å gå til barnehagelova.

Reglar for oppseiing
  • Skal barnet ditt slutte i barnehagen i løpet av barnehageåret, må du sende ei skriftleg oppseiing av plassen innan den første i kvar månad. 
  • Du treng ikkje å seie opp plassen når barnet ditt startar på skulen. Dette skjer automatisk for barn i både private og kommunale barnehagar.

Private barnehagar har eigne vedtekter.

Slik seier du opp plassen din

Vi har felles skjema for søknad og oppseiing av barnehageplass. Kryss av for at du skal seie opp plassen din.

Trykk her for å seie opp plassen i barnehageåret 2018/2019.
Private barnehager har eigne vedtekter.

Les meir

Rettleiing og rutinar ved hovudopptak

Sist oppdatert: 22.01.2019
Publisert: 19.04.2018