HjemBarnehageSøkje tilpassa barnehagetilbodTilrettelegging ved nedsett funksjonsevne

Tilrettelegging ved nedsett funksjonsevne

Kommunen skal leggje til rette for at barn med nedsett funksjonsevne får eit inkluderande og likeverdig tilbod. Du treng ikkje ei sakkunnig vurdering frå PPT for å be om tilrettelegging av barnehageplassen.

Meldefrist

Det er ikkje meldefrist. Du kan melde ifrå om behov for individuell tilrettelegging i barnehagen heile året.

Slik melder du frå

Fyll ut skjemaet saman med ein tilsett i barnehagen.

Trykk her for å laste ned meldeskjema.

Skjemaet sender du til:

Osterøy kommune
Geitaryggen 8
5282 Lonevåg

Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Lokale rutiner

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kva får du?

Barnehagen skal tilpasse tilbodet for barn som treng ekstra støtte i ein kortare eller lengre periode. Det kan vere snakk om sosial, pedagogisk og/eller fysisk tilrettelegging. Tilbodet blir vurdert og justert om behova endrar seg.

Kva seier lova?

Barnehagelova § 19 g skildrar retten til eit individuelt tilrettelagt barnehagetilbod.


Sist oppdatert: 04.11.2021
Publisert: 01.11.2018