HeimBranntryggleik, eldstad og feiingOm Osterøy brann og redning

Om Osterøy brann og redning

Osterøy brann-redning er kommunen si brann og redningsteneste og har som hovudoppgåve å verna om- og redda liv, miljø og eigedom.

Osterøy har tre brannstasjonar, lokalisert på Hauge, Fotlandsvåg og Bruvik.

Kontakt oss

Branninspektør Åge Færestrand

Fagleiar feiing og tilsyn

Brannsjef Leif Linde

Organisering 

Brannvernet er organisert etter krav i forskrift, og skal dekka tenester innafor

  • Brann- og ulukkesbereiskap
  • Bereiskap mot akutt forureining
  • Brannførebyggjande arbeid
  • Feiing og tilsyn

Brannvernet på Osterøy består av 30 deltidsmannskap. Av desse er det 4 utrykkingsleiarar i vaktordning. I tillegg  jobbar ein branninspektør med førebyggjande oppgåver, og er samstundes fagleiar for feiing og tilsynstenesta.

Brannvernet i Osterøy har og bereiskap mot akutt hjartestans og ulukke, og det er utplassert hjartestartar, oksygen og fyrstehjelpsutstyr på alle brannstasjonar.Det vert òg rykka ut til alvorleg sjukdom og skade, når lokal ambulanse er oppteken, eller som bistand til ambulanse.

Mannskap vert varsla på naudsambandsradio via 110 sentralen. 

Samarbeidsavtale med Bergen brannvesen

Brannsjefen i Bergen er, gjennom avtale inngått 1.5.2014, også brannsjef i Osterøy kommune og Bergen brannvesen har ansvaret for den overordna beredskapsleiinga i kommunen.

Ved hendingar er lokal utrykkingsleiar delegert leiaransvaret. Bergen brannvesen tek over dette ansvaret om hendinga eskalerer og befal derifrå kjem til staden.

Osterøy kommune har arbeidsgjevaransvaret  overfor brann- og redningspersonell på Osterøy. Kommunen er eigar/har ansvar for brannstasjonar, utrykkingskøyrety og anna materiell, samt ansvar for drift og vedlikehald av dette.

Brannførebyggjande oppgåver

Bergen brannvesen har ansvar for å gjennomføra informasjons- og motivasjonstiltak i kommunen om fare for brann, fare ved brann, brannverntiltak og korleis ein skal te seg i høve brannar og annan ulukke. Ein branninspektør tilsett i Osterøy kommune er fagleg underlagt brannførebyggjande avdeling i Bergen brannvesen, og gjennomføre tilsyn av særskilde brannobjekt på Osterøy, samt andre førebuggjande oppgåver.

Frå 1. januar 2019 har Bergen brannvesen også ansvaret for feie- og tilsynstenestene i kommunen.

Overtar feie- og tilsynstenesta

Frå 1. januar 2019 overtar Bergen brannvesen ansvaret for feie- og tilsynstenestene i Osterøy kommune.

Varsling av feiing og tilsyn vil skje via SMS som før. Dei som ikkje har mobiltelefon vil bli varsla per brev. Varslet vert sendt i god tid før feiing og tilsyn skal utførast. Eigar eller representant for eigar må vere heime når det er tilsyn. Feiinga kan vi gjennomføre utan at du er heime, men du må då fjerne soten i sotluka i etter utført feiing.   

Tidlegare kom vi på bustadtilsyn kvart fjerde år. Ny forskrift om brannførebygging frå 1. januar 2016 seier at kommunen skal feie og føre tilsyn med fyringsanlegg ved behov. Nokre bustadar har behov for feiing oftare enn andre, avhengig av kvalitet på omn og skorstein, og kor mykje dei er i bruk. Du kan difor oppleve at naboen har feiing oftare enn deg.  

Brannvesenet gjennomfører også lovpålagt feiing og tilsyn i alle fritidsbustader med eldstad.

 


Sist oppdatert: 21.12.2018
Publisert: 05.11.2018