Aktivitetstilbod
Stjernelaget
- eit fotballag for alle som ikkje finn seg til rette på ordinært lag
Har du lyst til å være med?
Trening kvar tysdag 17 - 18.30 på kunstgraset i Lonevåg. Frå midten av oktober (litt væravhengig) trener me i idrettshallen frå 17.00-18.00.
Kontaktperson
Kari Solberg
- E-post: karisol3@online.no
- Telefon: 909 41 025
Trenarar: Asle Markussen og Janne Seilen
Hjelpetrenarar: Kari Solberg og Kenneth Solberg
Dagrehabilitering
Dagrehabilitering er eit tilbod ein dag i veka som ein vert tildelt etter søknad. Her er det fokus på fysisk aktivitet, primært lagt til rette for heimebuande personar som treng spesiell opptrening for ein kortare periode, etter t.d. sjukdom / sjukehusopphald. Les meir om rehabilitering her.
Språkkafè
Biblioteket har saman med Osterøy integrering- og læringssenter språkkafè jamleg gjennom skuleåret.
Gå til facebooksida for meir informasjon.
Lag og organisasjonar.
Det finnes mange forskjellige lag og organisasjonar i kommunen, som driv med ulike aktivitetar innan til dømes song, dans, musikk, idrett.
Sjå oversikt over lag og organisasjonar her.
Osterøy-ven
«Osterøy-ven» eit prosjekt der deltakarane inngår ein gjensidig, kortsiktig avtale om å møtast eit viss tal gonger i løpet av 3 månader. Dersom det skulle vise seg at partane ikkje trivst saman, tar ein kontakt med ein av dei ansvarlege. Det er mogleg å bli løyst frå avtalen.
Kor mange gonger ein skal møtast, eller kor ofte, er opp til deltakarane, men vi ynskjer at det skal vere eit minimum på ein gong annakvar veke.
Korleis ein ynskjer å møtast, er opp til deltakarane. Det kan vere på fotballtrening, handarbeidskafé, på biblioteket, på småbarnstreff, ute på tur, i private heimar, eller kva som måtte passe.
Slik blir du Osterøy-ven
Kontakt integrerings- og læringssenteret viss du har spørsmål og vil melde deg som Osterøy-ven
- Telefon 56 19 27 53 eller 408 06 932
Krav til deg
- passar for deg som ynskjer å bu i eit godt og trygt lokalsamfunn der alle kan kjenne at dei høyrer til og er godt integrerte
- norsk eller framanspråkleg bakgrunn
Osterøy-ven er eit «vinn-vinn» prosjekt som gir alle deltakarane høve til å lære noko nytt om kultur, språk, likskap og skilnad. Personlege møter er viktig for lokalsamfunnet, og vi veit at alle tener på gode nettverk.
Språkkaféen på biblioteket i Lonevåg kan vere ein god møtestad i starten, der ein òg kan få råd og tips dersom ein er usikker på korleis ein skal kome i gang.
Gjerstad sokn vil saman med Osterøy integrerings- og læringssenter gjere jobben som koordinatorar og kople einskildpersonar eller grupper saman basert på mellom anna interesser, språkkunnskap og personlege eigenskapar.
Saknar du noko?
Har du tips til aktivitetar som du ikkje finn på lista? Send ein e-post til heimesida@osteroy.kommune.no