Bustøtte

Målet med den statlege bustøtta er å sikre at personar med låg inntekt og høge buutgifter får ein passande stad å bu.

Dette er Husbanken si ordning, men det er kommunen som tar imot og registrerer søknadane for Husbanken.

Slik søkjer du

Søknadsfristen er den 25. kvar månad.

Du får eit svar frå oss innan 20. månaden etter at du har søkt.

Trykk her for å gå til sida der Husbanken har søknadsskjema for bustøtte

Du kan velje eitt av to skjema:

  1. Bruk det elektroniske søknadsskjemaet dersom du har elektronisk ID og alle i husstanden din er registrert i folkeregisteret. Då får du berre spørsmål som er relevante for deg og din situasjon, og søknaden går digitalt til Osterøy kommune.
  2. Alternativt kan du fylle ut papirskjemaet, skrive det ut og levere det i servicekontoret på rådhuset eller sende det med posten til adressa under. Søknaden din kan innehalde sensitive opplysningar. Det er difor viktig at du ikkje sender søknaden på e-post.

Før du opnar skjemaet, leit fram følgjande opplysningar:

  • Personnummer til alle i husstanden din.
  • Opplysningar om bustaden og buutgiftene dine.
  • Opplysningar om inntekta di og eventuell formue.

Send papirskjema til:

Osterøy kommune
Geitaryggen 8
5282 Lonevåg

Kva kostar det?

Det kostar ingenting å få handsama søknaden om bustøtte.

Kva får du?

Bustøtta heng saman med inntekta og formuen til deg og den eller dei du bur ilag med.

Skjer det vesentlege endringar i inntekta og/eller formuen til husstanden, må du melde ifrå til sakshandsamaren din i kommunen.

Trykk her for å gå til Husbanken sin bustøttekalklulator.

Krav til søkjar

Alle over 18 år kan søke bustøtte.

Bustøtte er ikkje for studentar eller personar i førstegongsteneste. Men du kan likevel søke om du:

  • er student med born
  • er student utan born og studiet er eit ledd i eit offentleg arbeidsretta tiltak
  • er forelder til ein heimebuande student
  • er forelder til ein i førstegongstenesta som ikkje bur heime
  • er under 18 år og har eigne born

For å ha rett på bustøtte må du bu i ein eigen bustad med eigen inngang, eige bad og toalett, kjøkkenløysing og ein stad for kvile. Du kan likevel søke om du bur i eit kommunalt bufellesskap.

Klage på vedtak

Du kan klage på vedtaket, dersom du meiner at det byggjer på feil opplysningar.

Klagefristen er tre veker frå du har mottatt vedtaket. Klagen må vere skriftleg.

Trykk her for lese meir om korleis du kan klage på eit bustøttevedtak

Kontakt

Har du spørsmål eller treng rettleiing, kontakt med

Servicekontoret og du får kontakt med riktig person.


Sist oppdatert: 24.01.2019
Publisert: 16.11.2018