HjemHelse, omsorg og sosialEldreomsorgSøkje avlastningsopphald

Søkje avlastningsopphald

Dette er hjelp til pårørande med særleg tyngjande pleie- og omsorgsoppgåver. Du kan søkje avlasting for ein eller fleire periodar. Målet med avlastingsopphald er å utsetje behovet for ein institusjonsplass, slik at du kan bu heime lengst mogleg.

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på rådhuset i Lonevåg eller send dei til:

Osterøy kommune
Helse, omsorg og sosial
Geitaryggen 8
5282 Lonevåg

Kva skjer vidare?

  • Vi vurderer søknaden din, og finn det tilbodet som passar best for deg.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Søknadsfrist

Vi behandlar søknadar etter kvart som dei kjem inn til oss. 

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis. Det er ikkje eigenbetaling for denne tenesta.

Kva får du?

  • du får forsvarleg helsehjelp
  • du kan delta på sosiale aktivitetar i institusjonen
  • du får alle måltider
  • omsorgsytar får avlasting for særleg tyngjande omsorgsoppgåver

Krav til søkjar

  • du får hjelp frå familie eller andre omsorgspersonar til mange, krevjande omsorgsoppgåver
  • du bur heime
  • du må sjølv ta med personleg utstyr, medisin og hjelpemidlar som du treng i kvardagen
  • du har ikkje rett på transport, men kan be fastlegen din om å skrive ut drosjerekvisisjon

Kontakt oss

Har du spørsmål om tenesta, ta kontakt med forvaltningskontoret

Telefon:

Telefontid kvar dag kl. 10.00-14.00.

Anette Knutsen

  • Telefon: 945 39 393

Hanne Bernes Øvsthus

  • Telefon: 409 12 114

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 10.01.2022
Publisert: 12.12.2018