Søkje dagtilbod

Dagtilbod er eit tilbod til mennesker som bur heime med demenssjukdom, eller er under utgreiinig for demenssjukdom. Her får du tilbod om sosiale aktivitetar og gode næringsrike måltid. Du kan få tilbod om ein eller fleire dager i veka. Ønskjer du eit dagtilbod, må du sende søknad til Forvaltningskontoret.

Vi har dagtilbod på aktivitetsenteret i Haldorvika

Opningstider i Haldorvika:

Måndag, tysdag, torsdag: kl. 9:30 - 14:00

Turdag onsdag: kl. 09.30 - 14.00

Transport til/frå heimen etter avtale. 

Sjå facebooksida vår for meir informasjon.

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på rådhuset i Lonevåg eller send dei til:

Osterøy kommune
Helse, omsorg og sosial
Geitaryggen 8
5282 Lonevåg

Kva skjer vidare?

  • Vi vurderer søknaden din, og finn det tilbodet som passar best for deg.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Kva kostar det?

Tilbodet kostar kr 192,- pr dag. Dette inkluderar middag og transport. 

Kva får du? 

  • Du får tilbod om middag
  • Du får aktivitets- og kulturtilbod
  • Du får tilbod om skyss
  • Turdag onsdag

Krav til søkjar

  • Du bur heime og ikkje har opphald i instutisjon 
  • Du må ha bruk for, nytte og glede av sosial stimulering og aktivitet i fellesskap med andre
  • Du må kunne delta i og fungere i gruppe
  • Du er fysisk mobil, eventuelt ved hjelp av forflytningshjelpemiddel
  • Du har ikkje behov for 1:1 bemanning
  • Du har ikkje vedvarande behov for skjerming for å ta i vare eigen integritet

Kontakt oss

Har du spørsmål om tenesta, ta kontakt med forvaltningskontoret

Telefon:

Telefontid kvar dag kl. 10.00-14.00.

Anette Knutsen

  • Telefon: 945 39 393

Hanne Bernes Øvsthus

  • Telefon: 409 12 114

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.

Haldrovika dagaktivitetssenter

Fagsjukepleiar for Haldorvika dagaktivitetssenter

Marte E. H. Mjøs

Fagsjukepleier Demens

 


Sist oppdatert: 28.08.2023
Publisert: 06.11.2018