Søkje døgnrehablilitering
Døgnrehabiliteringa er eit tilbod som vert tildelt etter søknad. Tilbodet vert tilpassa ved behov, og lagt til rette for personar som treng spesiell opptrening for ein kortare periode, etter sjukdom eller sjukehusopphald.
Døgnrehabiliteringa foregår på Osterøytunet.
Slik søkjer du
Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester
I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.
Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på rådhuset i Lonevåg eller send dei til:
Osterøy kommune
Helse, omsorg og sosial
Postboks 1
5293 Lonevåg
Kva skjer vidare?
- Vi vurderer søknaden din, og finn det tilbodet som passar best for deg.
- Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
- Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
- Rehabilitering er ei tidsavgrensa rehabilitering der fokus er å meistre oppgåver i kvardagen.
- Rehabiliteringa er eit samarbeid mellom deg og eit tverrfaglig team som består av fysioterapeut og/eller ergoterapeut, sjukepleiar og helsefagarbeidar.
- Vi lagar ein plan ut frå måla dine, og du får tett oppfølging.
Krav til søkjar
Rehabilitering er for deg som
- ønskjer å meistre kvardagsaktiviteter igjen heime eller i nærmiljøet
- er motivert for å gjere ein eigeninnsats
Kontakt oss
Har du spørsmål om tenesta, ta kontakt med forvaltningskontoret
- Send ein e-post til post@osteroy.kommune.no
Telefon:
Telefontid kvar dag kl. 10.00-14.00.
- Telefon: 945 39 393
- Telefon: 409 12 114
Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.