Søkje fysioterapi

Du kan få fysioterapi for å behandle ein sjukdom eller skade og som førebyggande/helsefremjande tiltak.  
Det er ønskjeleg med tilvisning frå lege før oppstart av fysioterapiteneste, men dette er ikkje påkravd. 

Kommunal fysioterapi 

Du kan få oppfølging av kommunal fysioterapeut dersom du ikkje kan nytte fysioterapeut på fysikalsk institutt.

Til dømes ved meir samansette utfordringar, større forflyttingsvanskar og utfordringar i daglege aktivitetar, demens, o.l.

  • Fysioterapi for vaksne: Du kan få oppfølging av kommunal fysioterapeut i eigen heim, ved våre lokaler på Osterøytunet eller som del av eit institusjonsopphald.
  • Fysioterapi for barn og unge: Barn og unge får oppfølging av fysioterapeut i barnehage, på skulen, i eigen heim eller i våre lokaler på Osterøytunet.
Kontaktinformasjon for kommunal fysioterapiteneste

Runa Ytrestøl Vedå, fysioterapeut

Kristi Schoonderbeek Solberg, fysioterapeut

Postadresse

Osterøy kommune v/ Ergo/fysioterapitenesta,
Rådhuset, 
Geitaryggen 8, 
5282 Lonevåg

Besøksadresse

Osterøytunet 3,
5281 Valestrandsfossen 
Sjå kart. 

Privat fysioterapi

Du kan få oppfølging av fysioterapeut med driftsavtale ved det fysikalske instituttet i kommunen.

Kontaktinformasjon for privat fysioterapiteneste

Osterøy fysioterapi, institutt for Manuellterapi DA

Besøksadresse

Hauge 

5281 Valestrandfossen

Sjå kart.

Kva kostar det?

Barn under 16 år og personar som får behandling for godkjent yrkesskade, treng ikkje å betale eigenel hos fysioterapeut.

Alle andre betalar eigendel for behandling og oppfølging hos fysioterapeut.

Trykk her for å lese meir om betaling for fysioterapi på sidene til Helfo.

Vel du å gå til behandling hos ein fysioterapeut utan driftsavtale med kommunen, må du betale full pris.

Kva får du?

  • undersøking og vurdering
  • behandling og oppfølging
  • gruppetrening
  • rettleiing av brukar, personale eller pårørande
  • formidling av tekniske hjelpemiddel
  • Har du behov for hjelpemiddel for ein periode, kan du låne dei gratis frå hjelpemiddellageret.

Trykk her for å lese meir om hjelpemiddel.

Fysioterapeut samarbeider med ergoterapeut om formidling av tekniske hjelpemiddel.

Trykk her for å lese meir om ergoterapitenesta.

Krav til søkjar

Tenesta er for barn, vaksne og eldre som bur eller oppheld seg i kommunen.

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 10.01.2022
Publisert: 01.11.2018