Søkje hjelpemiddel

Treng du hjelpemiddel på grunn av mellombels nedsett funksjonsevne, kan du ta kontakt med kommunen sitt hjelpemiddellager.

Ønskjer du ei vurdering av behovet ditt for hjelpemiddel på kortidsutlån, ta kontakt med ergoterapeut eller fysioterapeut først.

Trykk her for å lese meir om ergoterapitilbodet vårt.

Trykk her for å lese meir om fysioterapitilbodet vårt.

Har du det vi kallar varig behov for hjelpemiddel, tar du også kontakt med ergoterapeut eller fysioterapeut i kommunen. Eit varig behov er eit behov i meir enn to år. Ergoterapeut eller fysioterapeut kan hjelpe deg med å søkje om varig lån av hjelpemiddel frå hjelpemiddelsentral til NAV.

Trykk her for å lese meir om korleis du søkjer hjelpemiddel på heimesida til NAV.

Slik søkjer du

Ta kontakt med ein servicemann på hjelpemiddellageret eller med ergoterapeut eller fysioterapeut i kommunen om du skal låne hjelpemiddel i ein kortare periode. 

Kontaktinformasjon finn du nedst på sida. 

Kva kostar det?

Det er gratis å låne hjelpemiddel.

Kva får du?

  • Utlån av enkle hjelpemiddel i tre månader eller lenger etter avtale:
    - toalettforhøyer
    - armlene til toalett
    - toalettstol
    - dusjkrakk
    - badekarbrett
    - hjartebrett
    - transportrullestol
    - gåbord
    - rullator
    - trillebord/serveringsbord
    - terskeleliminator
  • Enklare service/vedlikehald av hjelpemiddel

Krav til søkjar

  • Skal du låne hjelpemiddel, får du som regel levert utstyret heim til deg. 
  • Du treng ikkje tilvising frå lege for å låne hjelpemiddel.

Opningstid hjelpemiddellager Osterøy

Telefon vil vere betjent måndag- fredag kl. 09.00-10.00.
Opningstid for henting/ levering av hjelpemiddel ved lageret er måndag og onsdag kl.14.00 - 15.00.
Lageret er stengt laurdag og søndag.

  • Ved øyeblikkeleg hjelp: Ring tlf 56192518/ 56192521/ 56192520 mellom kl. 08.00 - 14.30 måndag - fredag.
  • Havari elektromedisinsk hjelpemiddel (bruker er i hjelpemidlet), utanom normal arbeidstid: Ring 56192731
    • Med elektromedisinsk hjelpemiddel forstås: elektrisk sjukeseng, personløftar, elektrisk rullestol som ikkje er privatkjøpt/eigd.

Besøksadresse:

Osterøytunet
Osterøytunet 3
5281 Valestrandsfossen

Kontakt oss

Servicemenn: 

Andreas Revne (ergoterapeut)

Øystein Tveiterås

Leiar Ergo- og fysioterapitenesta og praktiserande ergoterapeut

Anne Sidsel Hoel

Fysioterapeuter

Runa Ytrestøl Vedå 

Kristi S. Solberg

 


Sist oppdatert: 30.01.2023
Publisert: 01.11.2018