Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom er eit tilbod til unge mellom 13 og 23 år. Du kan få snakke med helsesjukepleiar, psykolog og lege. Du treng ingen timebestilling.

Opningstider

Kvar tirsdag i skuleåret, frå klokka 14.00 - 16.30.

Kva kan du få hjelp til?

  • Rettleiing og hjelp til alt som handlar om prevensjon
  • Innsetning av p-stav og spiral mellom kl. 14-15 (evt. ta kontakt for å avtale tid).
  • Spørsmål i samband med seksualitet
  • Snakke om ting som er vanskeleg, anten det er fysisk eller psykisk helse
  • Eteforstyrringar
  • Problem i forhold til rus
  • Rettleiing i samband med graviditet
  • Vanskar heime, på skulen, eller med vener
  • Opplevingar kring vald, overgrep og mobbing
  • Du kan teste deg for klamydia/gonoré, samt ta graviditetstest
  • Ved behov for anna hjelp kan vi tilvise deg vidare til andre som kan hjelpe deg

Kontakt oss

Oppfordrar alle til å nytta seg av innbyggjardialog via helsenorge.no. Her finn du ansvarleg helsesjukepleiar via helsekontaktar. 

Her finn du oss

Fotlandsvegen 27

5282 Lonevåg

Vis i kart 

Leiande helsejukepleiar:

Marianne K. Solberg 

Følg oss på facebook og instagram 

Facebook  

Instagram


Sist oppdatert: 10.08.2023
Publisert: 12.08.2020