Jordmortenesta

Alle gravide har rett til gratis svangerskapskontroll. Er du gravid kan du få oppfølging av lege eller jordmor, eller ei kombinasjon av desse gjennom svangerskapet.

Gravide kan få tilbod om første konsultasjon tidleg i svangerskapet. Ønskjer du time hos jordmor ber vi om at du ringjer eller sender e-post.

Kontakt

Jordmor Renathe Tangen

For timebestilling, send e-post til jordmor eller ring helsestasjonen på telefon 56 19 24 00

Opningtider

Måndag - fredag: 08.20 - 15.00

Besøksadresse

Fotlandsvegen 27

5282 Lonevåg

Vis i kart 

Svangerskap, fødsel og barselomsorg

Om du planlegg å bli gravid, eller er tidleg eller seint i svangerskapet, er du velkomen til samtale/svangerskapsomsorg hjå jordmor på Osterøy helsestasjon. Svangerskapsomsorga er ein del av kommunen sitt førebyggjande helsearbeid, og målet er å sikre eit friskt og trygt svangerskap.

Alle friske gravide vert anbefalt å følgje eit basisprogram med 8 kontrollar i henhold til nasjonale retningsliner. Kvinna har rett til å velge om kontrollane skal føregå hjå fastlege, jordmor eller ein kombinasjon hjå begge. Ved teikn på komplikasjonar eller risiko vil den gravide bli henvist til ein annan faginstans eller spesialisthelsetenesta.

Svangerskapskontrollane er gratis.  

Ta kontakt med jordmor eller lege

Eit svangerskap varar ca. 40 veker. Vi anbefalar at du tar kontakt med jordmor/lege veke 8-12. Dette for at du skal få nødvendig informasjon så tidleg som mogleg. Om det er behov for spesiell oppfølging, er det bra å kjenne til dette tidleg. Vidare vert det anbefalt blodprøvetaking rundt veke 12. Desse prøvane vert i dag tatt hjå din fastlege. Alle gravide vert tilbydd henvisning til ultralydundersøking mellom veke 17-19 ved Fostermedisins og Ultralyd Kvinneklinikken Bergen eller ved Voss sjukehus. Tilbod om tidleg ultralyd er fortsatt kun på indikasjon.

Svangerskapskontroll

Det er anbefalt svangerskapskontroll veke 16/24/28/32/36/38/40 og evt. veke 41. Ved kontrollane undersøkast: blodtrykk, vekt, urin, barnets tilvekst og hjerteslag.

Du tar med morgenurin til kvar kontroll. Partnaren din eller ein annan ledsagar må gjerne bli med om de ønskjer det.

Rettleiing

Det er fokus både på den fysiske og psykiske helsa gjennom svangerskapet. Det vert lagt vekt på individuell rettleiing med førebuing til fødsel, amming og foreldrerolla. Det er satt av god tid til å snakke om det du har lyst til slik at du får den oppfølginga som passar deg.

Førstegangsfødande

For deg som ventar ditt første barn vil du få tilbod om fødselsforberedande kurs. Dette for å få meir kunnskap om fødselsforløpet og alt hva det inneber, og for å bli kjent med andre førstegangsfødande i Osterøy kommune.

For deg som har født tidlegare eller ikkje ønskjer kurs får du tilbod om individuell fødselssamtale.

Etter fødselen

Etter fødselen vil du få tilbod om heimebesøk av jordmor og helsesjukepleiar.

Vi ønskjer å vera der som ei støtte i dei første dagane etter fødselen og gje råd og oppfølging etter behov. Ta kontakt med jordmor/helsestasjonen så snart du er kome heim.

Som barselkvinne vil du også få tilbod om etterkontroll/samtale hjå jordmor.

Hjelp til familieplanlegging og valg av prevensjon.

Tilbod om innsetting P-stav.

«Tidleg inn»

«Tidleg inn» er en del av tilbudet på Osterøy Helsestasjon. Målet med tidleg innsats er å  førebyggja og gje hjelp til å håndtere psykisk helse, rus og vold i nære relasjonar.

Gravidtrening

Plakat gravidtrening

Osterøy Helsestasjon tilbyr nå gravidtrening til alle gravide i kommunen.

Trening i svangerskapet har fleire gode helseeffekter, og moderat styrketrening i svangerskapet

anbefales av Helsedirektoratet. Gravide som trener kan oppleve lettere svangerskap og fødsel, og

trening har også vist å ha god effekt på den gravides mentale helse. Dette bidrar til økt selvtillit og

mental styrke hos den gravide. Det er fokus på enkle styrkeøvelser, mobililtetstrening og pusteteknikk.

Det er gravidtrening i Familiens Hus hver onsdag kl.18-19. Påmelding til jordmor Renathe på tlf: 45330149.

 

Svangerskapsavbrot

Du kan be om abort innan utgangen av den tolvte svangerskapsveka (84 dagar).

Du treng ikkje å grunngi valet ditt, og vel sjølv om du vil ta imot rettleiing og råd.

Snakkar du med lege, skal han eller ho gi informasjon om inngrepet blir utført og eventuelle komplikasjonar. Legen skal også gi informasjon om den støtta samfunnet kan gi deg, dersom du ønskjer det.

Slik går du fram

  • Du kan snakke med lege, helsestasjon eller ta direkte kontakt med eit sjukehus med gynekologisk avdeling.
  • Du treng ikkje tilvising frå fastlege for å ta kontakt med sjukehuset.
  • Når du tar kontakt med lege, helsestasjon eller sjukehus, må dei vite datoen for første dag i den siste menstruasjonen din

Kva seier lova?

Nyttige lenkjer og brosjyrar

 


Sist oppdatert: 28.06.2022
Publisert: 12.08.2020