HjemHelse, omsorg og sosialHelsehjelpKonsultasjonsteam om vald og seksuelle overgrep

Konsultasjonsteam om vald og seksuelle overgrep

Konsultasjonsteamet er ei tverretatleg samansett gruppe som gjev råd og rettleiing i sakar som gjeld vald og seksuelle overgrep. Teamet består av representantar frå helsestasjonen, barnevernstenesta, barn og familieteamet, politi og pedagogisk-psykologisk teneste. 

Teamet kan og gi råd om korleis ein kan gjennomføra ein avdekkjande samtale med eit barn og kan ved behov hjelpe til å formulera bekymringsmelding til barnevernet. Teamet skal støtte den som kjem med bekymringa og skal ikkje overta saka.

Alle saker til teamet skal vere anonyme når du presenterer saka over telefon. Legg att namn og nummer ved e-postkontakt og så vil koordinator for teamet ringe deg opp att. Husk at personsensitive opplysningar ikkje skal sendast på epost.

Kven kan ta kontakt med teamet?

Personar som gjennom sitt arbeid eller på anna måte har ei bekymring for at eit barn kanskje vert utsett for seksuelle overgrep eller vald. Kontakt konsultasjonsteamet på førehand for å få tildelt møtetid.

Kontakt oss

Familie- og omsorgssenteret 56 19 24 00, og dei vil setje deg over til eit av medlemma i konsultasjonsteamet.

Du kan og sende e-post til konsultasjonsteam@osteroy.kommune.no

Konsultasjonsteamet si møteplan
  • Onsdag 1. januar 2024
  • Onsdag 12. februar 2024
  • Onsdag 13. mars 2024
  • Onsdag 10. april 2024
  • Onsdag 8. mai 2024
  • Onsdag 12. juni 2024 

 

Osterøy kommune samarbeidar med Regionalt ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging Region Vest.

 


Sist oppdatert: 11.01.2024
Publisert: 09.07.2019