Krisesenter

Krisesenteret for Bergen og omegn er et lågterskeltilbod for deg som har vore utsett for vald i nære relasjonar og treng vern eller rettleiing.

  • Har du vore eller er du utsett for vald eller mishandling?
  • Har du problem med å avgjere for deg sjølv kva det er som skjer?
  • Treng du ein stad å bu i ein akuttsituasjon?
  • Treng du nokon du kan stole på?
  • Ta kontakt med krisesenteret så kan vi saman prøve å finne løysingar.

Du kan vere anonym.

Kontakt oss

Du kan kontakte krisesenteret i Bergen på telefon 55 31 50 50.

Krisesenteret har hemmeleg adresse. Dei tilsette avtalar ein møtestad med deg, når du tar kontakt.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kva tilbyr krisesenteret?

  • Eit menneske som lyttar til det du ønsker å fortelje.
  • Informasjon om rettar, råd og rettleiing på telefon eller ved oppmøte.
  • Eit tilbod om ein trygg og mellombels bustad.
  • Hjelp til å få kontakt med lege, advokat, politi, NAV eller andre.
  • Eit særleg fokus på barn i familiar der det blir brukt vald.
  • Hos oss skal du oppleve tryggleik og omsorg. Dei tilsette hjelper med praktiske ting.
  • Overnattingsplass, med kvinner og menn i ulike hus.

Alle dei tilsette på krisesenteret har teieplikt.

Har du behov for tolk, så ordnar vi dette.

Les meir her

 


Sist oppdatert: 01.02.2024
Publisert: 01.11.2018