Legevakt
Opningstider
Legevakta er døgnopen. Du må ringe før du kjem. Ein sjukepleiar svarar på telefonen, og vil vurdere kor mykje det hastar for deg å få hjelp.
Kva kostar det?
- Nordhordland legevakt krev betaling etter faste takstar. Om du betaler kontant eller med kort, unngår du faktureringsgebyr.
- Prisliste heng på venterommet.
- Ta med eventuelt frikort.
- I nokre tilfelle kan du få refundert transportutgifter. Det kjem an på kor alvorleg tilstanden din er.
- Telefonrådgiving er gratis.
Kva kan vi hjelpe deg med?
Nordhordland legevakt gir hjelp med helseproblem, som ikkje kan vente til vanleg kontortid. Her er nokre eksempel:
- Smerter i brystet eller magen
- Pustevanskar
- Akutt sjukdom/skade eller alvorlig forverring
- Nedsett allmenntilstand hos barn
- Alvorlig psykisk sjukdom
- Mistanke om komplikasjonar i svangerskap
- Kuttskader som må syast
Legevakta er ikkje meint for deg som har ein vanlig forkjøling eller sjukdom over fleire dagar utan akutt forverring.
Om du må vente, er det fordi andre treng hjelp raskare
På Nordhordland legevakt hjelper vi alltid dei sjukaste først. Pågangen varierer, og legen kan også bli kalla ut til akutte hendingar. Derfor kan vi ikkje gje deg ein "fast" time. Om du må vente, er det fordi vi prioriterer andre som kanskje er i livsfare.
Daglegevakt
På dagtid kl 8.00 -15:30 fungerer Nordhordland legevakt som legevaktsentral for Osterøy, men fysisk har kommunen daglegevakt på Lonevåg legekontor mandag- onsdag og på Valestrand legekontor torsdag og fredag.
Om du treng time på legevakten på dagtid og fastlegen ikkje er tilgjengeleg så må ein ringe 116 117, og Norhordland legevakt formidlar behov for timar til legekontoret på Osterøy som har vakt den dagen.
Før du ringer daglegevakt på 116117 bør du forsøkje å få ein akutt time på ditt fastlegekontor på dagtid. Ring 113 ved livstruande sjukdom eller skade heile døgnet.