HjemHelse, omsorg og sosialKlage på helse- eller omsorgstenester

Klage på helse- eller omsorgstenester

Kva kan du klage på?

  • at du ikkje har fått tilbod om den tenesta du ønskjer
  • forhold ved tenesta som du ikkje er nøgd med
  • kritikkverdige forhold
  • saksbehandlinga
Klage på eit vedtak?

Du kan klage på vedtaket vårt, om du ikkje får helse- og omsorgstenester som du sjølv meiner du har krav på. Du kan klage innan tre veker etter at du fekk det endelege vedtaket på søknaden din.

Når vi får klagen, må vi gå igjennom vedtaket på nytt og vurdere ei endring. Dersom vi ikkje endrar vedtaket, sender vi klagen din vidare til Statsforvalteren i Vestland. 

Osterøy kommune 
Forvaltningstenesta for helse og omsorg 
Postboks 1
5293 Lonevåg                                                                                   

Statsforvalteren i Vestland er endeleg klageinstans 

Trykk her for å lese meir om klage på helse- og omsorgstenester

Klage på ei teneste du mottar?

Er du ikkje nøgd med tenesta du får, til dømes på ein sjukeheim, bør du først og fremst ta kontakt med leiinga på sjukeheimen. Ver tydeleg på kva du ikkje er nøgd med og ønskjer at vi skal endre.

Dei som mottar klagen din, må undersøke saka og endre tilbodet dersom det ikkje er godt nok. Får du ikkje medhald, kan du sjølv sende ein skriftleg klage til Fylkesmannen i Hordaland.

Trykk her for kontaktinformasjon til Fylkesmannen i Hordaland

Får du medhald, kan Fylkesmannen starte ein tilsynssak. Då må kommunen utbetre eventuelle feil. Får du ikkje medhald frå Fylkesmannen kan du klage til klage til Sivilombudsmannen.

Trykk her for å gå til sida til Sivilombudsmannen.

Treng du hjelp til å klage?

Kontakt oss

Har du spørsmål om tenesta, ta kontakt med forvaltningskontoret

Telefon:

Telefontid kvar dag kl. 10.00-14.00.

Anette Knutsen

  • Telefon: 945 39 393

Hanne Bernes Øvsthus

  • Telefon: 409 12 114

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.

 

Les meir


Sist oppdatert: 09.11.2023
Publisert: 07.11.2018