Følgjekort

Følgjekort eller ledsagerbevis er eit tilbod til deg med fysiske eller psykiske funksjonshemmingar. Beviset gjer deg rett til å ha med følgje gratis, der dei godkjenner ordninga. Du kan mellom anna bruke kortet på ulike kultur- og fritidsarrangement og offentlig transport .

Slik søkjer eller fornyar du følgjebeviset

  1. Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for følgjebevis
  2. I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer
  3. Legg ved to passfoto og uttale frå fastlege eller spesialist
  4. Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din – ikkje send søknaden på e-post
  5. Send søknaden og vedlegga til

    Osterøy kommune
    Helse, omsorg og sosial
    Geitaryggen 8 
    5282 Lonevåg

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist for følgjebevis. Vi behandlar alle søknadar etter kvart som dei kjem inn til oss.

Kva kostar det?

Det kostar ikkje noko å få følgjebevis. Du må kjøpe billett til deg sjølv på vanleg måte, men kan ta med eit gratis følgje der dei godtar ordninga.

Kva får du?

Du får eit bevis som gir den som føl deg gratis inngang til alle kulturinstitusjonar, arrangement og transportselskap som godtek ordninga. Du må ta direkte kontakt med arrangøren eller verksemda for å høyre om dei godtar ordninga.

Krav til søkjar

  • Du treng uttale frå fastlege eller spesialist på at du har behov for følgje for å kunne delta på aktivitetar i fritida
  • Du har hatt ei fysisk eller psykisk funksjonshemming i meir enn to år

Kontakt oss

Har du spørsmål om tenesta, ta kontakt med forvaltningskontoret

Telefon:

Telefontid kvar dag kl. 10.00-14.00.

Anette Knutsen

  • Telefon: 945 39 393

Hanne Bernes Øvsthus

  • Telefon: 409 12 114

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 14.09.2023
Publisert: 31.05.2018