Søkje avlastning

Du kan få avlastning hvis du har eit særleg tyngjande omsorgarbeid for familiemedlem som har ein psykisk eller fysisk funksjonsnedsettelse. 

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på rådhuset i Lonevåg eller send dei til:

Osterøy kommune
Helse, omsorg og sosial
Geitaryggen 8
5282 Lonevåg

Kva skjer vidare?

  • Vi vurderer søknaden din, og finn det tilbodet som passar best for deg.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Vi behandlar alle søknadar etter kvart som dei kjem inn til oss.

Desse spørsmåla må du svare på i søknaden

  • Kor mange timar per månad brukar du på omsorgsarbeidet?
  • Er arbeidet meir fysisk eller psykisk tyngande?
  • Førar omsorgsarbeidet til mykje arbeid om natta?
  • Yter du omsorgsarbeid i periodar eller heile tida?
  • Fører omsorgsarbeidet til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid?
  • Har du omsorg for meir enn ein person?
  • Fører omsorgsarbeidet til tapt arbeidsinntekt? (det ikkje er eit vilkår for å få stønad at du har tapt arbeidsinntekt)  

Kva kostar det?

Det er gratis å motta tenesta.

Kva får du?

Ein avlastar overtar pleiefunksjonane som du har til vanleg. Avlastning vert gjeve på timebasis, eller gjennom eitt etter fleire døgn, i heimen, i besøksheim eller på institusjon.

Som pårørande får du:

  • naudsynt og regelmessig fritid og ferie
  • mogeligheit til å oppretthalde gode familierelasjoner og sosiale nettverk.

Som deltakar får du:

  • tilrettelagte aktivitetar, fysisk utfoldelse og sosialt samvær

Kontakt oss

Har du spørsmål om tenesta, ta kontakt med forvaltningskontoret

Telefon:

Telefontid kvar dag kl. 10.00-14.00.

Anette Knutsen

  • Telefon: 945 39 393

Hanne Bernes Øvsthus

  • Telefon: 409 12 114

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.

Einingsleiar ved bu- og avlastningstenesta

Hege Cathrine Høvig

 


Sist oppdatert: 10.01.2022
Publisert: 01.06.2018