Søkje heimehjelp

Heimehjelp er eit tilbod til personar som treng hjelp og praktisk bistand i kvardagen på grunn av sjukdom, funksjonstap, alder eller andre årsaker.

Les brosjyren vår om heimetenesta i Osterøy kommune. 

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på rådhuset i Lonevåg eller send dei til:

Osterøy kommune
Helse, omsorg og sosial
Geitaryggen 8
5282 Lonevåg

Kva skjer vidare?

  • Vi vurderer søknaden din, og finn det tilbodet som passar best for deg.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Kva kostar det?

Helsetenester er gratis.

Praktiske bistandstenester har ein eigenandel.  

Kva får du?

Du kan mellom anna få hjelp til :

  • Personleg hygiene, stell og dusj
  • Matlaging
  • Reingjering
  • Klesvask

Krav til søkjar

Du må ha behov for hjelp på grunn av sjukdom eller funksjonstap.
Du må bu i Osterøy kommune.

Kontakt oss

Har du spørsmål om tenesta, ta kontakt med forvaltningskontoret

Telefon:

Telefontid kvar dag kl. 10.00-14.00.

Anette Knutsen

  • Telefon: 945 39 393

Hanne Bernes Øvsthus

  • Telefon: 409 12 114

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.

Kontaktpersonar i heimetenesta

Administrasjon 56 19 26 10

Besøksadresse: 

Fotlandsvegen 27

5282 Lonevåg

Vis i kart 

Einingsleiar Anne B. Jørgensen

Avdelingsleiar

Linda Tepstad

Ingrid Mosevoll Aglèn

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 13.12.2018
Publisert: 31.05.2018