Søkje hjelpestønad frå NAV

Du kan søkje NAV om hjelpestønad dersom du har eit særleg behov for pleie og tilsyn på grunn av sjukdom, skade eller ei medfødd funksjonshemming.

Det er ein føresetnad at du har eit privat pleie-forhold, eller at hjelpestønaden set deg i stand til å opprette eit slikt forhold.

Ved vurdering av hjelpestønad vert det også lagt vekt på behov for stimulering, opplæring og trening som skjer i heimen. Stønaden gjeld både barn og vaksne.

Slik søkjer du

Du må søkje skriftleg om hjelpestønad. Meir informasjon og søknadsskjema finn du på NAV sine nettsider.

Klikk her for å kome til søknadsskjema på NAV si heimeside.

Når du kjem inn på denne sida, kjem du til skjemarettleiaren. I denne rettleiaren skal du krysse av for kva vedlegg og kva slags dokumentasjon du må leggje ved søknaden. Du får også opp ei førsteside. For at NAV skal kunne behandle søknaden din raskt og effektivt, ber vi deg om å sende inn det som står nemnt på førstesida. Legg førstesida øvst i brevet.

Det er viktig å få fram i søknaden at du har eit privat pleieforhold, eller at hjelpestønaden vil gi deg høve til å opprette det.

Ver merksam på at dersom du mottar både hjelpestønad og omsorgslønn, har kommunen høve til å redusere omsorgslønna. Omsorgslønna kan bli redusert med ein like stor sum som hjelpestønaden. Kommunen kan krevje at du har søkt om hjelpestønad før vi tar stilling til omsorgslønn. Du kan likevel søkje om omsorgslønn parallelt med hjelpestønad.

Når har du eit særskilt pleie- og tilsynsbehov?

  • når du ikkje klarar deg sjølv utan tilsyn både inne og ute, dag og natt
  • når du treng hjelp til personleg stell/hygiene og i etesituasjonar

Kva er eit privat pleieforhold?

Det vil seie at pleia eller tilsynet blir utført av private, til dømes:

  • ektefelle
  • barn
  • foreldre
  • andre slektningar
  • naboar eller andre

Kva type behov må du ha?

Barn under 18 år som har eit pleie- og tilsynsbehov som er vesentleg større enn det som vert dekt av ordinær hjelpestønad kan få forhøga hjelpestønad. Det er ein føresetnad at forhøga hjelpestønad aukar barnet sine moglegheiter for å verte buande heime.

Hjelpebehovet må ha ein varig karakter. Det må som hovudregel vare 2-3 år eller meir grunna den medisinske tilstanden.

Meld frå om endringar

Dersom du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller jobbsituasjon, eller planlegg opphald i utlandet, kan det ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor melde frå til NAV.

Utbetaling

Du vil normalt ha pengane på konto den 20. kvar månad. Dersom stønaden er til eit av barna dine vil pengene blir satt inn på barnets konto.

Utgiftene må minst svare til sats 1 (ordinær hjelpestønad). Utbetalinga er skattefri.

SATS Årleg beløp Per månad  
1 14 412 kr 1201 kr Tilsyn og pleie

Meir informasjon om hjelpestønad

Trykk her for å lese meir om hjelpestønad på NAV sine heimesider


Sist oppdatert: 10.01.2022
Publisert: 07.11.2018